Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Lister jeg samler etter

Stetind med Ivar og Pappa

Dato:
20.08.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:30t
Distanse:
7,5km

Telttur med Ivar og Pappa. Slo opp teltet øvst i Gravdalen der stigen tek av innover mot Sandelvbreen. Målet var Stetind. Vi fekk noko regnvêr over oss på tur mot toppen, og måtte krype inn i vindsekken ein halvtimestid før vi fortsatte mot toppen. Litt utsikt fekk vi innimellom bygene. Turen nedover gjekk lett over snøfonnene, og vi fekk litt kveldssol når vi kom ned til teltet.

Kart    

Store Smørstabbtind og "Breatindane"

Dato:
16.08.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
12:00t
Distanse:
20,4km

Flott rundtur med Pappa, og vêret viste seg frå si beste side.

Kart    

Fanaråken familietur

Dato:
02.08.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:00t
Distanse:
11,8km

Herleg topptur med heile familien og overnatting på Noregs høgaste turisthytte. Trass i nokså bra vêrmelding vart det etterkvart nokså fuktig og surt. Vel framme på Fanaråkhytta gjekk ungane rett i soveposane for opptining :). Det skulle vise seg at det vart heile 70 gjestar denne natta fordelt på 34 sengeplasser på sovesalane. Til og med tørkerommet vart soveplassar(!), og sovesalane vart derfor tørkerom etter ein blaut dag. Men all honnør til betjeninga som organiserte dette på beste måte! Neste morgon kunne dei by på smakfull frukost med nybakte brød. Vi returnerte same vegen, og med opphaldsvêr, utsikt og nedoverbakke gjekk returen lett som ein plett!

Kart    

Besshø

Dato:
01.08.2016
Turtype:
Fjelltur

Flott tur med Iver, Eldri og Sigri til Besshø.

Kart