Fanaråken familietur (02.08.2016)  6


Startsted Turtagrø (884moh)
Sluttsted Fanaråken (2068moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 6t 00min
Distanse 11,8km
Høydemeter 1159m
GPS
Bestigninger Fannaråki (2068moh) 02.08.2016

Herleg topptur med heile familien og overnatting på Noregs høgaste turisthytte. Trass i nokså bra vêrmelding vart det etterkvart nokså fuktig og surt. Vel framme på Fanaråkhytta gjekk ungane rett i soveposane for opptining :). Det skulle vise seg at det vart heile 70 gjestar denne natta fordelt på 34 sengeplasser på sovesalane. Til og med tørkerommet vart soveplassar(!), og sovesalane vart derfor tørkerom etter ein blaut dag. Men all honnør til betjeninga som organiserte dette på beste måte! Neste morgon kunne dei by på smakfull frukost med nybakte brød. Vi returnerte same vegen, og med opphaldsvêr, utsikt og nedoverbakke gjekk returen lett som ein plett!

Avgang innover Helgedalen
Avgang innover Helgedalen
Frodig i Helgadalsbotn. Skodda kjem sigande
Frodig i Helgadalsbotn. Skodda kjem sigande
Det blir etterkvart dårleg sikt og litt nedbør
Det blir etterkvart dårleg sikt og litt nedbør
Nedbør og surt vêr når vi kom opp i høgda. Dei siste høgdemetrande vart nokså kalde.
Nedbør og surt vêr når vi kom opp i høgda. Dei siste høgdemetrande vart nokså kalde.
Topplatået på Fanaråken
Topplatået på Fanaråken
Godt å kome fram til hytta
Godt å kome fram til hytta
God stemning på toppunktet
God stemning på toppunktet
Selfie høyrer med
Selfie høyrer med
Årets julekort??
Årets julekort??
Lettare vêr neste morgon, og langt betre utsikt på returen
Lettare vêr neste morgon, og langt betre utsikt på returen
Tett mellom vardane på toppen
Tett mellom vardane på toppen
Liten gut og store fjell
Liten gut og store fjell
Far og sønn nyt utsikta på tur nedover
Far og sønn nyt utsikta på tur nedover

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.