Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (50)
-
Skitur (31)
- Fjellskitur (12)
- Randonnée/Telemark (19)
Favorittopper
Nautgardstinder
- Dato:
- 05.08.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 10:30t
- Distanse:
- 19,6km
Fin tur med Monica og Petter frå Glitterheim over Nautgardsoksle til Nautgardstinden. Retur same veg. Vi fulgte merka løypa til Tjønnholet opp til 1700 meter før vi sikta opp mot Nautgardsoksle. Mykje laus stein over 1900m i dennne delen av Jotunheimen. Vi fekk ei regnskur på returen, og flott regnboge i nord.
Dyrhaugsryggen og Nestnørdre
- Dato:
- 21.07.2021
- Turtype:
- Alpintur
- Turlengde:
- 11:45t
- Distanse:
- 13,0km
Flott rundtur med Hans Morten i nydeleg sommarvêr!
Parkerte bilen ved demninga i Ringsdalen og tusla oppover mot Store Dyrhaugstind. Vi tok der på hjelm/sele og fortsatte vidare utover ryggen i retning Midtre Dyrhaugstind Nord. Det var diverse luftige parti på ryggen, men følte aldri behovet for å finne fram tauet under dei perfekte tilhøva vi hadde denne dagen. Camelbacken vart overraskande fort tom i det varme vêret, men det låg heldigvis snø i skaret mot Søre Dyrhaugstind. Oppe på Søre var det også rennande vatn. Vi traff nesten ikkje folk heile dagen, men det var mykje trafikk opp frå Bandet til Søre Dyrhaugstind.
Vel over Midtre Sør og Søre Dyrhaugstind fortsette vi vidare mot Nørdre Midtmaradalstind. Også her luftige utfordringar, men ikkje heftigare enn det vi alt hadde >>>
Midtre/Store Tverrbottind
- Dato:
- 23.08.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 5:30t
- Distanse:
- 7,7km
Fin tur med Knut Tønnes over Midtre og Store Tverrbottind med retur ned Leirløyfte. Fint vêr oppover ryggen til Midtre, men så kom skysystema over oss, og det vart minimalt med utsikt vidare bortover ryggen.
Foto: Knut Tønnes
Fuktig tur på Kyrkja
- Dato:
- 22.08.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 4:45t
- Distanse:
- 8,8km
Regnfull dag på Leirvassbu, men likevel ein fin tur på Kyrkja med Inge og Knut Tønnes.
Kremtur til Stetind
- Dato:
- 15.08.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 6:30t
- Distanse:
- 11,2km
Ein av sommarens finaste dagar var eg og Petter på Stetind. Vel nede etter ein flott tur overnatta vi ved Leirvatnet i wigloen. Perfekt tur med perfekt turfylje.
Ryggjehøe familietur
- Dato:
- 14.08.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 5:19t
- Distanse:
- 8,2km
Flott familietur tur/retur Glitterheim-Ryggjehøe med Monica, Ivar og Petter . Såg ingen folk heile turen, men møtte 3 tamrein på få meters avstand.
Store Memurutindtraversen
- Dato:
- 07.08.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 15:00t
- Distanse:
- 23,2km
Flott tur med Hans Morten.
Dette er ein artig og luftig ryggtravers! Ein del småutfordringar undervegs, men det meste løyste seg greit med nokre omgåingar i sørsida. Detaljert skildring av ryggen her . Vi hadde med sikringsutstyr, og brukte det på eit par utsette stader. Vel nede i Memuruskaret sette vi att sekkane, og gjekk opp på Austre Memurutind . Her var tauet i bruk opp den bratte hammaren. Tett skodde hadde no kome sigande frå sør, og det var null utsikt. Retur same veg og vidare over Veobrean attende til Veoskaret.
Vi var til slutt oppom Sør for Leirhø , som vi tidlegare har gått forbi fleire gonger utan å vere klar over at det er ein "topp".
Storgrovhøe og Storgrovtind
- Dato:
- 31.07.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 10:19t
- Distanse:
- 13,7km
Flott tur i nydeleg vêr med Andrea og Frode til Storgrovhøene. Vi la i veg frå Ytterdalssætre retning Heimre Illåbrean, og det var uproblematisk å krysse Heimre Illåe på høgde 1275 der den deler seg i fleire småbekkar. Etter at vi hadde lagt Illågjelet bak oss, såg vi at det også hadde vore kurant å krysse elva oppe ved breen. Vidare la vi kursen vestover over eit par moreneryggar og inn på lettgåtte snøfonner oppover mot Storgrovhøe. Det var ei formidabel utsikt som åpenbara seg når vi kom opp på ryggen! Frå Fremste var det spesielt fin utsikt ned i Bøverdalen, og her trefte vi dei 3 einaste personane vi såg på denne turen. Lettgått på ryggen over til den 6 meter høgare Bakarste Storgrovhøe .
Det var framleis tilnærma vindstille på toppen når vi sette oss ned for å nyte utsikta. Frode ville >>>
Styggehøtraversen
- Dato:
- 25.07.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 9:30t
- Distanse:
- 16,7km
Flott rundtur med Iver på Styggehøe i nydeleg sommarvêr.
Vi kryssa Visa over ned nye brua ved Leirgrove og gjekk opp til den vesle breen på nordaustryggen. Vidare oppover breen, og så lett kliving det siste stykket til Ø2.
Vi fulgte så ryggen vestover heilt til V2. Morsom, smal rygg nedover frå hovudtoppen og vestover med diverse småproblem, som er lett å omgå i sørsida. Spesielt fin er V0, som vissnok blir kalla "Ørnehodet" . Retur via kanten på Bukkeholsbrean og ned til Bukkeholet.
Semmelholstind
- Dato:
- 24.08.2019
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 9:45t
- Distanse:
- 18,5km
Eit triveleg turfølge med Andrea, Knut Tønnes og Hans Morten la i veg mot Visbrean litt før 9. Visbrean har endra seg mykje dei siste åra, og har blitt meir utfordrande. For det fyrste er innsteget nå langt under moreneryggen på vestsida av breen, og ein må forsere laus og bratt morene for å komme inn til brekanten. Og brefallet midt på breen er såpass oppsprukket at det vart litt sikk-sakk før vi kom oss gjennom.
Vel over breen var det skiftande vêr og utsikt oppover, men vi fekk litt utsikt når vi kom til topps.
På tur nedover vart det ei ekstra runde på breen før vi sikta oss inn på ein betre middag på Leirvassbu.