Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (50)
 - 
            Skitur (31)
                     
- Fjellskitur (12)
 - Randonnée/Telemark (19)
 
 
Favorittopper
Vestre Tverrbotntind
- Dato:
 - 04.09.2016
 - Turtype:
 - Fjelltur
 - Turlengde:
 - 7:10t
 - Distanse:
 - 12,5km
 
                                                
                                
                            
                            
                                                                                                                 Etter at dårleg vêr sette ein stoppar for Visbreatind laurdag, såg det langt betre ut søndag.  Dagens turmål vart Vestre Tverrbotntind, og vi pakka med oss litt klatreutstyr for å vere førebudd på bratte utfordringar. Mykje steinrøys opp Leirløyfte, men alle nådde toppen vest for V1.  
Vidare traverserte vi på sørsida av ryggen til vi stod under lågaste punktet på ryggen mellom dei to toppane. Frå her sikra vi 1/3 taulengde heilt opp på ryggen. Mange ville nok gått usikra på tørt føre, men for oss var det fornuftig med tau. Frå der var det luftig, men greit til topps.  
Alt i alt ein spennande tur med litt luftige innslag. 
                                    
                     
                                    
                                    
                                    
   