Tundradalskyrkja (22.07.2022)
          
         
      
   | Startsted | Sota (745moh) | 
|---|---|
| Sluttsted | Sota (745moh) | 
| Turtype | Fjelltur | 
| Turlengde | 8t 15min | 
| Distanse | 16,8km | 
| Høydemeter | 1307m | 
| GPS | 
                   | 
            
| Bestigninger | Tundradalskyrkja (1970moh) | 22.07.2022 | 
|---|---|---|
| Andre besøkte PBE'er | Sota Sæter (743moh) | 22.07.2022 | 
Flott tur med Petter til Tundradalskyrkja på ein av sommarens finaste dagar. Målet for turen var fjellgeitposten på toppen. 
Det er fleire moglege rutevalg til Tundradalskyrkja frå Sota: 
1. Følge ruta mot Illvatnet opp til ca 1600 moh og så nordaust-ryggen til topps
2. Følge ruta mot Illvatnet forbi Sottjønnen og så sikte inn på  nordvest-ryggen via Regnbogtjønne. 
3. Følge ruta mot Fortundalsbreen og så sikte mot nordvest-ryggen frå Steindalen
4. Følge ruta til Fortundalsbreen og så kome opp på sør-ryggen via Sveinkollen
Vi valde alternativ 2 opp og 3 ned, og fekk ein fin rundtur. Eg vil i ettertid si at alternativ 3 er det enklaste og raskaste fordi det er fint underlag og lite grov ur. 
Eit tips ved alternativ 2 er å runde Regnbogetjønne og gå vestover langs kanten av denne vestover til ein har runda dei store moreneryggane. Vi gjorde eit forsøk på å krysse desse ryggane, men det er mykje bedre å gå opp på snøfonner vest for dei store moreneryggane.










   
Kommentarer