Flott tur med Hans Morten.
Dette er ein artig og luftig ryggtravers! Ein del småutfordringar undervegs, men det meste løyste seg greit med nokre omgåingar i sørsida. Detaljert skildring av ryggen her. Vi hadde med sikringsutstyr, og brukte det på eit par utsette stader. Vel nede i Memuruskaret sette vi att sekkane, og gjekk opp på Austre Memurutind. Her var tauet i bruk opp den bratte hammaren. Tett skodde hadde no kome sigande frå sør, og det var null utsikt. Retur same veg og vidare over Veobrean attende til Veoskaret.
Vi var til slutt oppom Sør for Leirhø, som vi tidlegare har gått forbi fleire gonger utan å vere klar over at det er ein "topp".
Veoskaret på 2000 moh er passert, og vi har tatt fatt på ryggenmot Memurutindan. Den
beskjedne "Nord for Store Memurutinden Vesttoppen" til venstre med jernhaldig fjell. Denne skulle vise seg å bli dagens siste topp mange timar seinare. Glittertind og Ryggjehøe i bakgrunnen
Kommentarer