Skagastølsryggen (30.07.2024)  5


Startsted Turtagrø (870moh)
Sluttsted Turtagrø (870moh)
Turtype Alpintur
Turlengde 9t 18min
Distanse 19,6km
Høydemeter 1760m
Kart
Bestigninger Skagastølsnebbet (2222moh) 30.07.2024
Midtre Skagastølstinden (2284moh) 30.07.2024
Nørdre Skagastølstinden (2167moh) 30.07.2024
Store Skagastølstinden (2405moh) 30.07.2024
Vetle Skagastølstinden (2340moh) 30.07.2024

Endeleg var det tid for å gje meg i kast med Storen. Eg hadde tenkt på korleis eg best skulle nå toppen, og enda med å prøve meg gjennom Skagastølsryggen.
Eg nådde opp til NTK-hytta på ca. 50min., og 2t og 10min opp til Nørdre. So var det berre å koma seg vidare på ryggen opp til Skagastølsnebbet og the point of no return. Vêret starta skyfritt, men tetta seg til med eit drivande, laust skylag gjennom stort sett heile turen. Eg merkte då eg gjekk bortover ryggen, og hadde forsert V-skardet at blodet bruste og hjarta pumpa godt; eg var i ein draum eg hadde bore på lenge.
Like føre Vetle titta Storen fram iført eit slør av skodde, noko av det mektigare ein kan bivåne.
Mellom Vetle og Mohns skard brukte eg over ein time då eg surra med å finne passasjen på nedsida av Vetle, eg hamna for langt ned og sleit med å finne vegen i skodda. Etter å ha returnert til skardet mellom Vetle og Centraltind fann eg nokre vardar og tok meg riktig veg fram til Mohns skard. Herifrå og opp var det veldig greitt. Om ein kjem for langt unna ryggen blir klyvinga betrakteleg vanskelegare, men greitt nok i det heile. Eg hadde skjønt at denne ruta ikkje var berre enkel lenger då han er meir oppdelt av glatte sva no enn for 148 år sidan. Eg tok meg så ned Andrews renne for å få klatra litt meir.
Eg møtte folk fyrst på toppen av Svaene. Ni og ein halv time seinare var eg på Turtagrø att og då kom dei fyrste regndråpene på bilruta då eg tok til å køyre heim.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.