Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Lister jeg samler etter

Halvmaraton frå Kåsastølen til Målandsdalen om Krøys

Dato:
11.10.2020

Endå ein framifrå langtur i strålande haustver og spennande terreng i Krøys aust for Jørpelandsheia. Me sette ein bil øvst i Målandsdalen og starta frå Kåsastølen i Lyngsheia kl. 0930. Følgte den gode stien vestover til Sunnmork som var nytt bekjentskap for oss, og som viste seg fram frå si beste side; damstilt på vatnet og vakre haustfargar i liene. Ifølge Stavanger Turistforening var Sunnmork i si tid ein av dei gjevaste gardane i midtre del av Lysefjorden. Ut frå skriftlege kjelder veit me at garden var i bruk alt frå ca. 1625. Gardsdrifta vart det slutt på i 1860-åra, då den siste brukaren, Ådne Sønnmork, flytta til Amerika. Etter ein matpause i strandkanten fann me vegen vidare vestover, stilaust men greit opp Bakkane til høgdedraget vestanfor. Her var det kjempeutsikt >>>

Kart    

Trollnup frå Ulevå

Dato:
05.10.2020

Kosetur med familien, ca. 4 timar og 7 km på tur i brukbart ver.

Kart    

Arbunuten frå Sveivida

Dato:
04.10.2020

Klissvåt men fin rundtur med Solveig. Opp om Skåfonnhytta, ned om Seten og Arbuvollen; om lag 3 timar og 10 km på tur.

Kart    

Rundtur på Vågslidheia

Dato:
03.10.2020

Flott rundtur frå skitrekket med Solveig, snaue 3 ½ timar og 10 km på tur. Gråver med austavind og skodde som kom og gjekk. Ein del trost på trekk og bra med ryper, 25-30 i fleire flokkar.

Kart    

Jærmannburet fra P-plass

Dato:
30.09.2020

Med Ola ifm. besøk på Nyhamna.

Kart    

Medfjellsvarden heimefra, heim om Røyningsvatnet

Dato:
27.09.2020

Finverstur med suppe på stormkjøkkenet med Olaug. Vindstilt og lettskya.

Kart    

Halvmaraton (nesten trekvart) gjennom Jørpelandsheia #3

Dato:
19.09.2020

Ideen til denne langturen saman med Håvard gjennom Jørpelandsheia vart påtenkt alt 1. januar 2020 i og med at «nye Strand» kommune såg dagens lys. Det medførte som kjent at ein del av arealet i Forsand kommune nord for Lysefjorden gjekk over til nabokommunen, deriblant Preikestolen og Neverdalsfjellet. Ideen var såpass ambisiøs som å gå over alle stortoppane i «nye Strand», dvs. dei 9 fjelltoppane over 700 moh med pf≥100m. Planen var derfor å ha ein bil ståande ved Preikestolhytta og starta turen frå parkeringa i Bjørheimsheia. Dette ville kreva minst 12 timar på tur med lett oppakning i finver, i og med at turen ville verta mellom 3 og 4 mil og med over 2500 høgdemeter stigning. Ingen tur i parken, altså! Toppane er, i naturleg rekkefølge frå Bjørheimsheia til Preikestolhytta:  >>>

Kart    

Medfjellsvarden heimefra, heim om Homravatnet og Hillesland

Dato:
15.09.2020

Stilt, overskya og eit snev av seinsommar. Følgte stiane aust for Ilsvatnet og Røyningsvatnet, så stilaust nordover til høgdedraget aust for Mjåvatnet før eg tok meg ned til midt på Homravatnet og heim langs vegen. Nokre enkeltbekkasinar var fine faunainnslag, om lag 2 ½ timar på tur.

Kart    

Hardhausen frå Kåsastølen

Dato:
31.08.2020

Hardhausen er eit ganske pretensiøst navn på eit fjell, og det er artig då når det lever opp til ryktet sitt. Utruleg nok var dette første forsøket mitt på ein topp i Lyngsheia, og turen gjekk frå Kåsastølen inn stien mot Sunnmork. Innanfor Kvednavatnet tok eg søraustover og fann ein bratt trasé der eg busha rett opp til høgre for nokre hyllesystem og skrådde sidan nordover til fortoppen. Framifrå utsikt her mot bl.a. Storlitjødna, Sandvatnet og Sunnmork. Brukte kun timen hit, så derfor vart oppstigninga ganske «hard». Vidare var det overraskande kupert til hovudtoppen, og med fine tjødnar og småvatn. Brukte likevel kun 20 min. hit. Var spent på utsikten, som ikkje skuffa; endå finare mot Sunnmork og særleg ned heile Skurvedalen og ut Lysefjorden. Retur same veg, til saman >>>

Kart    

Store Nup fra Midtfjellsvollen

Dato:
29.08.2020

Flott formiddagstur til Nupsenden og hovedtoppen, bratt men greit rett opp mellom toppene. Ca. 1 ¼ time til Nupsenden, ½ time mellom toppene, retur samme veg og 3 timer på tur.

Kart