Archive - Date
Archive - Activity
Favourite trips
- Frå Liarvatnet til Hengjane om Longavatnet og
- Lodalskåpa fra Bødalssætra
- Austanbotntindtraversen fra Berdalsbandet
- Jiehkkevárri fra Indre Holmbukta, høyest i Troms
- Travers av Skardstind (vest til øst)
- Hinnåtefjellet, Semeltind, Hellstugutindar fra V.
- Folgefonna, Etne og Kvinnherad
- Knutsholstindtraversen fra Torfinnsdalen
- Travers av Nordre Maradalstindar og
- Store- og Midtre Ringstind fra Ringsdalen
Favourite peaks
Bergeheia og Krunefjell på ski frå Målandsdalen
- Date:
- 30.01.2021
Endå ei finvershelg med godt skiføre i Jørpelandsheia, men med fare for både snøbyger og skodde på dei høgaste toppane, var me litt spente på kva dagen ville bringa. Igjen vart startpunktet lagt til Boremyr i Målandsdalen, som med sine 350 hm stigning på traktorveg i inngangsbillett ikkje er førstevalget for så mange. Brukte om lag 45 min opp traktorvegen, som nå er blitt brøyta anleggsveg, og me måtte derfor bera skia heilt til endes.
Kursen det første stykket vidare vart lagt etter spora mine frå sist helg , og planen var å gå opp på Bergeheia og ut til Krunefjell med sin flotte utsikt over Jørpelandsheia. Skodda låg sanneleg over toppane, og ei stund vart endåtil Bergeheia borte for oss. Det hadde berre kome nokre få cm nysnø denne veka, men det var ikkje så kaldt som sist, så >>>
Vardhusheia, Bergeheia og Salane på ski frå Målandsdalen
- Date:
- 24.01.2021
Med meir enn nok snø som bar godt, og framifrå styresnø på toppen, vart denne godversturen til Målands- og Brogaheia ein av mine aller finaste. Sjølv om det er blitt traktorveg til oppunder Prammaleitet og nå sist kraftutbygging i Målandsdalen, er det ikkje mange som finn hit opp, og denne dagen var det bare dyreføter og mine ski som teikna mønster i snøen.
Eg brukte som vanleg om lag 45 min opp traktorvegen frå Rv. 13 ved Boremyr. Fordi vegen var brøyta, vart det bering eit godt stykke oppi bakkane før skia kom på. Ikkje uventa var det anleggsmaskinar, røyrlager og anna utstyr langs vegen og på toppen, men då dette var tilbakelagt, var det heldigvis bare snøen, sola og meg. Eg hadde vore spent på om snøen bar, men som nevnt var det heilt eineståande forhold. Ikkje ein >>>
Longavatnet på ski frå Liarvatnet
- Date:
- 16.01.2021
Flotte snøforhold og islagt Liarvatn alt i midten av januar er lenge sidan, og sjølv om vatnet ikkje var "godkjent" av Folkehjelpa, tok me sjansen på å gå over. 10-15 minusgrader sidan nyåret borga for kvalitet, og det var spor etter folk etter fleire dagar med framifrå ver. Me visste at det ville bli seriøst trafikkaos i Dalen denne lørdagen, og starta derfor alt i 9-tida. Det var meldt tilskyande og med aukande vind, men det starta upåklageleg med skyfritt, stilt og 10-12 minusgrader.
Det var gode spor inn til Grimsli, men fleire stader med ekkelt overvatn på isen. Gildt å vera her inne att, og med tilnærma julekortstemning med snø på trea. Det var som venta spor oppover til Forenesvatnet, men overraskande få hadde gått før oss, det skulle visa seg å bare vera >>>
Fagerlinuten og Kaldheimshovda frå Kritle
- Date:
- 03.01.2021
Årets første skitur i strålande solskin. 5 kuldegrader nede i Etne, så truleg 10 ved turstart. Fine snøforhold, men litt tynt nede ved parkeringa. 3 timar på tur.
Årets fineste turer 2020
- Date:
- 31.12.2020
Årets 5 fineste turer, kronologisk.
1: Skeia via sørvesteggen , pinsetur i Jotunheimen med karane minus Ola
Link til turbeskrivelse dag 1 og turbeskrivelse dag 2 og 3 .
2: Snøhetta , sommertur på Dovrefjell med jentene
Link til turbeskrivelse .
3: Stetinden (Stàdda) i Tysfjord , sommertur i Nord-Norge med karane
Link til turbeskrivelse .
4: Jiehkkevàrri, høyest i Lyngen og Troms , sommertur i Nord-Norge med karane
Link til turbeskrivelse .
5: Austanbotntindtraversen , sommertur i Jotunheimen med guide
Link til turbeskrivelse .
Toppane i Strand kommune med pf≥100m
- Date:
- 31.12.2020
Bestigningane mine av dei 41 toppane i Strand kommune med pf≥100m, kronologisk.
Lista vart fullført 7/4-2020 etter bestigning av Geitatørne ved Hengjane.
Skrifta er utheva for toppar som før tilhøyrde Forsand kommune, til saman 7 toppar.
a) Småturar i nærområdet rundt Jørpeland med mor og far, gjerne kombinert med bærplukking
1977: Førlandsåsen og Tunglandsfjellet (alfabetisk)
1982: Moslivarden
1984: Longaberg
1985: Barkafjellet
b) Lengre turar i Jørpelandsheia med mor og far, gjerne kombinert med fuglekikking
1987: Revafjellet
1988: Godlifjellet, Hesten, Homsknuten, Kjortåsen, Skjørbu, Tibergfjellet og Øykjafjellet ved Dalen (alfabetisk)
1989: Heiahodnet
1990: Gryteknuten og Krossen
1992: Tårnfjellet
c) Småbarnsperioden
1998: Våmulen
2007: Øykjafjellet ved Kalddal
2009: Krossfjellet
d) Forsiktig start >>>
Storesåt, N. Sålefjell og Skrivarvarden frå Liarlund
- Date:
- 31.12.2020
Toppraid i nordre Strand #8
- Date:
- 27.12.2020
Kort og fin avslutningstur på pf≥50m lista for nordre Strand, dvs. dei 24 toppane nord for aksen Tysdal-Tau. Først Bjødnåsen frå aust før Velandsåsen frå nord; høveleg tur i vått romjulsver, ein snau time på tur inkludert kjøring mellom toppane. På veg heim om Tjøstheimlia såg eg ein sjeldan og drivkvit krabat, nemleg ein røyskatt eller meir sannsynleg ei snømus fordi ho var så ørlita. Jammen ikkje enkelt å klara seg med snøkvit pels i låglandet i våre dagar!
