Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
Lister jeg samler etter
Favoritturer
- Frå Liarvatnet til Hengjane om Longavatnet og
- Lodalskåpa fra Bødalssætra
- Austanbotntindtraversen fra Berdalsbandet
- Jiehkkevárri fra Indre Holmbukta, høyest i Troms
- Travers av Skardstind (vest til øst)
- Hinnåtefjellet, Semeltind, Hellstugutindar fra V.
- Folgefonna, Etne og Kvinnherad
- Knutsholstindtraversen fra Torfinnsdalen
- Nordre Maradalstind og Styggedalsryggen
- Store- og Midtre Ringstind fra Ringsdalen
Favorittopper
Frå Målandsdalen til Liarvatnet om Vardhusheia og Heiahodnet
- Dato:
- 13.09.2024
På denne turen til Brogaheia ovanom Longavatnet skulle me montera minneplata etter det allierte våpensleppet her i 1944. Med i sekkane var både plata på 10-12 kg i rustfritt stål, kraftig batteridrill og anna naudsynt utstyr, så børene var litt tyngre enn vanleg. Sidan eg på denne måten fekk skyss til Boremyr, nytta eg høvet til å parkera min eigen bil ved Liarvatnet, og etter monteringa var planen å gå heim den vegen.
Trass i dei tunge sekkane var me ved den store flyttblokka på Brogaheia etter bare 1 ½ time på tur. Me fann ei ideell flate på austsida av steinen; relativt plan, i ei krå med brukbart le og godt synleg frå stien over heia. Montasjen gjekk óg effektivt, og me fekk endåtil prøvd tildekking av det standsmessige slaget med «balkongflagget» mitt. Så vart det >>>
Nordaust for Mælen frå Finnabuvatnet
- Dato:
- 07.09.2024
Denne lite prangande toppen mellom kjempene Trollaskeinuten og Mælen når likevel opp som fylkets 13. høgaste fjelltopp med sine 1495moh, ja han er faktisk høgast av dei 15 toppane mellom 1400 og 1500moh med pf≥100m.
Det var to år sidan eg var oppom ein ny topp i dette høgdeintervallet , og sidan begge kameratane alt hadde vore der, passa det med ein solotur denne flotte seinsommardagen. Med heile 24 år sidan eg var ved Finnabuvatnet sist – då me var på Mælen i juli 2000 – var det interessant bare å kjøra oppover den svært gode anleggsvegen frå Nesflaten.
Oppe ved Vasstølsvatnet var det anleggsarbeid på demninga, og vatnet var heilt tømt. Her såg eg ein småfalk frå bilen, truleg ein tårnfalk. Finnabuvatnet derimot, var heilt smekkfullt, og eg parkerte ved enden av vegen oppe på sjølve demninga.
På >>>
På leit etter krigsminne ved Gamlestølstjødna
- Dato:
- 06.09.2024
Rask ettermiddagstur frå Rv. 13 ved Boremyr med to formål; transport av materiell til minnemarkeringa på Brogaheia og leit etter restar frå Avocet-sleppet ved Gamlestølstjødna. Minnemarkeringa etter våpensleppet på Brogaheia finn etter planen stad 22. september kl. 13 og markerer hendinga der 8. november 1944. Avocet-sleppet 1. januar 1945 var bare 2 km derifrå, og nyleg har eg fått oppgitt posisjonen der det framleis ligg restar av materiellet som kom ned saman med dei fire Linge-karane.
Det var full sommar denne septemberdagen, rett og slett steikande sol og varmt, men likevel gjekk turen til Brogaheia raskt unna på 1 ¼ time. Denne gangen følgte eg stien aust for Målandsvatnet, som óg går vidare sørover og passerer nær den store flyttblokka der minnemarkeringa skal finna >>>
Rørsethornet fra Rakvåg P-plass
- Dato:
- 02.09.2024
Finværstur ifm. jobb, om lag 1 time 35 min på tur, derav snaut 50 min til topps. Skulle gjerne ha fortsatt til Ræstadhornet, men kveldslyset strakk ikke til.
Medfjellsvarden fra Burmavegen og heim
- Dato:
- 01.09.2024
Flott tur med Olaug via Røyningsbu der me steikte lappar. Sommarvêr og Karmøy-myrene på sitt finaste med rome og røsslyng i haustfargar!
Hengekøyetur til myra i skogen
- Dato:
- 31.08.2024
Takk for nå sommar, og velkommen haust!
Siste sommarkvelden, og den blei varm og fin!
Ei and letta fra myra.
Stjerneklart, og takk for sist til Karlsvogna!
Brisen stilna heilt av.
Dyreskrik i natta, var det ein rev?
Kuraut.
Hundeglam.
Etter kvart småkjølig i posen.
Vakna til blank morgen og gjekk heim igjen - mange og fine spindelvev i graset!
Svånå- og Langvasstindar fra telt ved Inste Svånåkollen
- Dato:
- 08.08.2024
Denne tredje dagen på Dovrefjell var det meldt finvær, og det var ingen tvil om at vi måtte prøve oss på langturen over Svånå- og Langvasstindane. Jeg var førstemann som kikket ut av teltet ved Inste Svånåkollen , og jeg kunne melde tilbake til kameraten at skodda fra dagen før var borte og at Svånåtindmassivet var relativt skyfritt.
Det var meldt finvær, men også en del vind i høyden og endatil fare for nedbør midt på dagen, så vi somlet ikke så lenge med frokosten. Kl. 0850 var vi av gårde med alt nødvendig utstyr i sekkene. Dette inkluderte et tynt 30m tau, seler og taubremser til hjelp ned hammeren mot Store Langvasstind.
Den opprinnelige planen min hadde vært å starte med Langvasstindane ved å gå opp ryggen til 1970-toppen Søre Langvasstind. Men fordi kremtoppen Storstygge Svånåtind >>>