Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Gesammelte Listen

Frå Liarvatnet til telt på Brogaheia om Knausane

Datum:
21.09.2024

Denne strålande haustdagen skulle me gå frå parkeringa ved Liarvatnet og telta på Brogaheia ovanom Longavatnet, dette for å gjera alt klart til minnemarkeringa der oppe dagen etter. 80-års markeringa etter det allierte våpensleppet i november 1944 hadde kome i stand på mitt initiativ i tett samarbeid med Hjelmeland og Strand kommunar og HV-08. Sistnevnte har naturlegvis sterke band til hendingane pga. innsatsstyrke Osprey som har navn etter den første luftbårne Linge-operasjonen i Rogaland i desember 1943. Kameraten og eg valde ikkje lettaste vegen som går om Grimsli og Forenesvatnet, men i finvêret ville me nytta dagen og gjekk om Småsildalen, Holmavatnet og Ospeskardet. Her tok me ein fin avstikkar oppom høgdedraget Knausane som med sine 587moh utgjer eit framifrå lokalt utsiktspunkt. >>>

Karte    

Frå Målandsdalen til Liarvatnet om Vardhusheia og Heiahodnet

Datum:
13.09.2024

På denne turen til Brogaheia ovanom Longavatnet skulle me montera minneplata etter det allierte våpensleppet her i 1944. Med i sekkane var både plata på 10-12 kg i rustfritt stål, kraftig batteridrill og anna naudsynt utstyr, så børene var litt tyngre enn vanleg. Sidan eg på denne måten fekk skyss til Boremyr, nytta eg høvet til å parkera min eigen bil ved Liarvatnet, og etter monteringa var planen å gå heim den vegen. Trass i dei tunge sekkane var me ved den store flyttblokka på Brogaheia etter bare 1 ½ time på tur. Me fann ei ideell flate på austsida av steinen; relativt plan, i ei krå med brukbart le og godt synleg frå stien over heia. Montasjen gjekk óg effektivt, og me fekk endåtil prøvd tildekking av det standsmessige slaget med «balkongflagget» mitt. Så vart det >>>

Karte    

Nordaust for Mælen frå Finnabuvatnet

Datum:
07.09.2024

Denne lite prangande toppen mellom kjempene Trollaskeinuten og Mælen når likevel opp som fylkets 13. høgaste fjelltopp med sine 1495moh, ja han er faktisk høgast av dei 15 toppane mellom 1400 og 1500moh med pf≥100m. Det var to år sidan eg var oppom ein ny topp i dette høgdeintervallet , og sidan begge kameratane alt hadde vore der, passa det med ein solotur denne flotte seinsommardagen. Med heile 24 år sidan eg var ved Finnabuvatnet sist – då me var på Mælen i juli 2000 – var det interessant bare å kjøra oppover den svært gode anleggsvegen frå Nesflaten. Oppe ved Vasstølsvatnet var det anleggsarbeid på demninga, og vatnet var heilt tømt. Her såg eg ein småfalk frå bilen, truleg ein tårnfalk. Finnabuvatnet derimot, var heilt smekkfullt, og eg parkerte ved enden av vegen oppe på sjølve demninga. På >>>

Karte    

På leit etter krigsminne ved Gamlestølstjødna

Datum:
06.09.2024

Rask ettermiddagstur frå Rv. 13 ved Boremyr med to formål; transport av materiell til minnemarkeringa på Brogaheia og leit etter restar frå Avocet-sleppet ved Gamlestølstjødna. Minnemarkeringa etter våpensleppet på Brogaheia finn etter planen stad 22. september kl. 13 og markerer hendinga der 8. november 1944. Avocet-sleppet 1. januar 1945 var bare 2 km derifrå, og nyleg har eg fått oppgitt posisjonen der det framleis ligg restar av materiellet som kom ned saman med dei fire Linge-karane. Det var full sommar denne septemberdagen, rett og slett steikande sol og varmt, men likevel gjekk turen til Brogaheia raskt unna på 1 ¼ time. Denne gangen følgte eg stien aust for Målandsvatnet, som óg går vidare sørover og passerer nær den store flyttblokka der minnemarkeringa skal finna >>>

Karte    

Jærmannburet fra P-plass

Datum:
03.09.2024

Kort tur etter jobb og etter regnet.

Karte    

Rørsethornet fra Rakvåg P-plass

Datum:
02.09.2024

Finværstur ifm. jobb, om lag 1 time 35 min på tur, derav snaut 50 min til topps. Skulle gjerne ha fortsatt til Ræstadhornet, men kveldslyset strakk ikke til.

Karte    

Medfjellsvarden fra Burmavegen og heim

Datum:
01.09.2024

Flott tur med Olaug via Røyningsbu der me steikte lappar. Sommarvêr og Karmøy-myrene på sitt finaste med rome og røsslyng i haustfargar!

Karte    

Hengekøyetur til myra i skogen

Datum:
31.08.2024

Takk for nå sommar, og velkommen haust! Siste sommarkvelden, og den blei varm og fin! Ei and letta fra myra. Stjerneklart, og takk for sist til Karlsvogna! Brisen stilna heilt av. Dyreskrik i natta, var det ein rev? Kuraut. Hundeglam. Etter kvart småkjølig i posen. Vakna til blank morgen og gjekk heim igjen - mange og fine spindelvev i graset!

Boknafjellet fra P-plass

Datum:
24.08.2024
Karte    

Varden fra Molde sentrum

Datum:
21.08.2024

Fin trimtur etter jobb, drøyt 8 km og 400 hm.