Vardhusheia, Bergeheia og Krunefjell på ski frå Målandsdalen (24.02.2026)


Kart
Bestigninger Bergeheia (706moh) 24.02.2026
Krunefjell (723moh) 24.02.2026
Vardhusheia (761moh) 24.02.2026
Andre besøkte PBE'er Brogaheia våpenkonteinere (645moh) 24.02.2026

Første muligheten min til å prøva snøen i Jørpelandsheia måtte nyttast, og denne tirsdagen med god vêrmelding måtte det ein feriedag til. Me var over isen på Liarvatnet for tre veker sidan, men snøen som var komen der i mellomtida, hadde dessverre regna vekk. Sjølv om det truleg var trygg is ennå, blei turstarten lagt til Boremyr i Målandsdalen som så mange ganger før.

Det var skiføre frå bommen på anleggsvegen, og på langfeller gjekk det radig på 50 min til demninga i Sagåna. Herifrå var det godt skiføre og heldigvis ikkje avblåst som sist, og dessutan skein sola gjennom eit tynt skyslør. Oppe ved Målandsvatnet var det snø på isen, og eg holdt meg langs land på vestsida. Dagens første mål var sjølvsagt favorittoppen Vardhusheia, og til topps brukte eg bare timen frå demninga, altså 1 time 50 min frå bilen ved Rv. 13. Det er brukbart tempo til å vera meg!

Forbi Målandsvatnet med tilbakeblikk mot Prammafjellet
Forbi Målandsvatnet med tilbakeblikk mot Prammafjellet
Mot Longavatnet under stupet av Vardhusheia. Midt i bildet dominerer den lite besøkte Liaknuten
Mot Longavatnet under stupet av Vardhusheia. Midt i bildet dominerer den lite besøkte Liaknuten
Straks på toppen av Vardhusheia med utsikt austover mot Krøys. Me ser Brogavatnet med Brogavassklubben nærast til venstre, så Krokavatnet og Venavatnet med Krøysaheia bak til høgre
Straks på toppen av Vardhusheia med utsikt austover mot Krøys. Me ser Brogavatnet med Brogavassklubben nærast til venstre, så Krokavatnet og Venavatnet med Krøysaheia bak til høgre

Etter ein obligatorisk sving nedom varden på stupkanten med beundring av utsikten, gjekk returen same veg og innom minnesmerket etter det allierte flysleppet på Brogaheia i november 1944. Så via gøymestaden for restane av våpencontainerane gjekk eg oppom Bergeheia før eg sjølvsagt kosta på meg ein tur vestover til Krunefjell. Her toppa eg ut for tiande gang 35 år sidan første besøk, og det blei tid til ein kort matpause i ei brukbar livdakrå. Mellom Vardhusheia og Krunefjell brukte eg då 1 time 20 min via nevnte omvegar.

Kongeutsikt frå Vardhusheia! Me ser både Forenesvatnet og Holmavatnet og litt av Liarvatnet i Grimsli
Kongeutsikt frå Vardhusheia! Me ser både Forenesvatnet og Holmavatnet og litt av Liarvatnet i Grimsli
På stupkanten 300m over Vardhustjødnane og stemmen. Dei dominerande toppane er Heiahodnet, Tibergfjellet, Ternefjell og Reinaknuten
På stupkanten 300m over Vardhustjødnane og stemmen. Dei dominerande toppane er Heiahodnet, Tibergfjellet, Ternefjell og Reinaknuten
Meir sørleg utsikt frå same staden. Me ser sørover Longavatnet, tjødnane i Ospeskardet og Holmavatnet
Meir sørleg utsikt frå same staden. Me ser sørover Longavatnet, tjødnane i Ospeskardet og Holmavatnet
Mot utløpet av Brogavatnet der vinteren rår
Mot utløpet av Brogavatnet der vinteren rår
Ved minnesmerket etter det allierte flysleppet på Brogaheia i november 1944
Ved minnesmerket etter det allierte flysleppet på Brogaheia i november 1944
I ura der restane av våpencontainerane framleis ligg
I ura der restane av våpencontainerane framleis ligg
Frå nesten same staden mot Brogaheia, Vardhusheia og Longavatnet. Den dominerande toppen bak vatnet er Bratteliknuten
Frå nesten same staden mot Brogaheia, Vardhusheia og Longavatnet. Den dominerande toppen bak vatnet er Bratteliknuten
På Bergeheia med utsikt mot Grautabotn flankert av Krunefjell og Salane
På Bergeheia med utsikt mot Grautabotn flankert av Krunefjell og Salane
På Krunefjell med utsikt mot Reinaknuten og Skorafjellet på denne sida av brekket mot Tysdalsvatnet. I Holtaheia dominerer Lauvåsen
På Krunefjell med utsikt mot Reinaknuten og Skorafjellet på denne sida av brekket mot Tysdalsvatnet. I Holtaheia dominerer Lauvåsen
Mot vakre Forenesvatnet
Mot vakre Forenesvatnet
For tiande gang på Krunefjell! Me ser Liarvatnet og Tysdalsheia i bakgrunnen
For tiande gang på Krunefjell! Me ser Liarvatnet og Tysdalsheia i bakgrunnen

Returen gjekk via Bergeheia og Målandsheia, og hadde det ikkje vore for at eg ville innom på Jørpeland, hadde eg fått med meg Prammafjellet óg. Med skia på nakken gjekk det likevel radig ned anleggsvegen, og fasit for dagen blei om lag 19 km, 900 hm og 5 herlige timar på tur i paradiset. Ja, vêret hadde faktisk vore så bra at vindjakka blei liggande i sekken!

Høg himmel over Målandsvatnet med Husaheia og Vardhusheia
Høg himmel over Målandsvatnet med Husaheia og Vardhusheia

Av levande skapningar såg eg eit ekorn, men ingen fuglar; ellers var det mykje spor, bl.a. av rev og hare.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.