Vardhusheia, Bergeheia og Krunefjell på ski frå Målandsdalen (24.02.2026)
| Ascents | Bergeheia (706m) | 24.02.2026 |
|---|---|---|
| Krunefjell (723m) | 24.02.2026 | |
| Vardhusheia (761m) | 24.02.2026 | |
| Visits of other PBEs | Brogaheia våpenkonteinere (645m) | 24.02.2026 |
Første muligheten min til å prøva snøen i Jørpelandsheia måtte nyttast, og denne tirsdagen med god vêrmelding måtte det ein feriedag til. Me var over isen på Liarvatnet for tre veker sidan, men snøen som var komen der i mellomtida, hadde dessverre regna vekk. Sjølv om det truleg var trygg is ennå, blei turstarten lagt til Boremyr i Målandsdalen som så mange ganger før.
Det var skiføre frå bommen på anleggsvegen, og på langfeller gjekk det radig på 50 min til demninga i Sagåna. Herifrå var det godt skiføre og heldigvis ikkje avblåst som sist, og dessutan skein sola gjennom eit tynt skyslør. Oppe ved Målandsvatnet var det snø på isen, og eg holdt meg langs land på vestsida. Dagens første mål var sjølvsagt favorittoppen Vardhusheia, og til topps brukte eg bare timen frå demninga, altså 1 time 50 min frå bilen ved Rv. 13. Det er brukbart tempo til å vera meg!

Etter ein obligatorisk sving nedom varden på stupkanten med beundring av utsikten, gjekk returen same veg og innom minnesmerket etter det allierte flysleppet på Brogaheia i november 1944. Så via gøymestaden for restane av våpencontainerane gjekk eg oppom Bergeheia før eg sjølvsagt kosta på meg ein tur vestover til Krunefjell. Her toppa eg ut for tiande gang 35 år sidan første besøk, og det blei tid til ein kort matpause i ei brukbar livdakrå. Mellom Vardhusheia og Krunefjell brukte eg då 1 time 20 min via nevnte omvegar.





Returen gjekk via Bergeheia og Målandsheia, og hadde det ikkje vore for at eg ville innom på Jørpeland, hadde eg fått med meg Prammafjellet óg. Med skia på nakken gjekk det likevel radig ned anleggsvegen, og fasit for dagen blei om lag 19 km, 900 hm og 5 herlige timar på tur i paradiset. Ja, vêret hadde faktisk vore så bra at vindjakka blei liggande i sekken!
Av levande skapningar såg eg eit ekorn, men ingen fuglar; ellers var det mykje spor, bl.a. av rev og hare.









User comments