Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Fisketjernnuten med fjellski og pulk

Dato:
28.04.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
4,5km

Kjekk, liten tur med kollega Erlend på permisjonstur med gutta. Flott ver og alle ved godt humør. Var faktisk ikkje ein ting som gjekk gale her. Utruleg, men sant.

Kart    

Skivebom på Vardeggi, Gaularfjellet

Dato:
02.04.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
1:00t
Distanse:
3,0km

Eg og brodaren Eirik hadde tenkt å ta Vardeggi på ski/rando. Vi satsa på ein rett-opp og rett-ned tur, og fekk difor 320 knallharde høgdemeter frå bilen. Men fjellet ville det annleis. Det var frisk bris når vi starta og stiv kuling då vi bestemte for å gi tapt. Storm, nærmast. Kastevindar og hylande kattungar. Nærmast Ragnarok, viss eg skal smøre godt på.

Skikkeleg bra pulketur til Høgehaug

Dato:
19.03.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
3:00t
Distanse:
10,0km

Her vert det plusspoeng på han far. Med minsten i pulken, hunden i band og jentungen hengande bakpå med langrensski (som ho gjekk på av og til), var det duka for ein dugeleg fiasko og/eller katastrofe. Men, neida. Med unntak av slitet, som eg uansett hadde stålsett meg på, og det at minsten sjølvsagt sølte drikkevatn på seg i 10 minusgrader, gjekk alt etter planen. Sølinga resulterte forresten i eit lynraskt klesskift - ein prestasjon eg var særs nøgd med. Elles var det rimeleg god stemning heile vegen til topps. På toppen byta jentungen til slalomskia (som vi hadde med oss), og så bar det rett ned til nysteikte vafler i Dalalåven med hunden i hælane. Ingen fall, hyl eller skrik. Det er nesten så ein sjølv får ei tåre i augekroken.

Kart    

Nessadalen

Dato:
05.02.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
2:00t
Distanse:
5,5km

Turmålet måtte endrast frå «Hest» til «Breidstøldalen». Dette som følgje av ein grusom sur vind, som starta, ja nettopp i denne dalen. Med eit utgangspunkt på ca. 12 minus på gradestokken, vart det vel ei god dobling av effektiv temperatur, når vi hadde kome opp på Monstjørni. Der kunne eg trygt ha investert pengane mine i ein vindpark, for å seie det slik. Som om ikkje dette var nok viste fokksnøen seg å være særdeles ugjestmild, då vi opplevde fjernutløysing av svake lag etter kvart som vi trakka oss framover i terrenget. Då freista Hest enda mindre. Turen enda med ein kort lunsj i ein levegg og ein leiken køyring ned att til bilen. Akkurat det var stor stas! Vi sjåast nok igjen, Hest! Med då får du fan meg vise deg frå ei betre side.

Kart    

Stav

Dato:
31.01.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
3:00t
Distanse:
9,6km

Endeleg ein skikkeleg topptur! Reiste med kollega Jomar heilt fram i Grindsdalen på brøyta veg. På med skia, eit lite stykke gåing i same retning og deretter nærmast rett opp mot Sauaholten som vi passerte og snudde nordover, sannsynlegvis litt seinare enn vi skulle. Men det var stort sett dårleg sikt og nesten umogleg å sjå kor det var best å gå. Deretter kryssa vi eit søkk og så var det oppover igjen, og endå meir oppover til vi endeleg var på toppen! Mange høgdemeter og framleis svært lite å sjå. Vi følgde difor spora våre heilt ned til bilen, men la sjølvsagt inn nydelege svingar undervegs (tykte vi sjølv, i alle fall). Alt i alt ein kongetur!

Kart    

Høgehaug

Dato:
25.01.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
1:45t
Distanse:
9,4km

Ein nydeleg tur til Høgehaug frå Rindabotnen. Skyene låg som eit hav under oss frå toppen med perfekt utsikt til Hurrungane i det fjerne.

Kart    

Pulketur til Kleppa, Leikanger

Dato:
20.01.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
6,2km

Tur med hund, pulk, son og kollega med sin son, i langrennsløypa på Kleppa. Hyggeleg!

Kart    

Pulk frå Flyplassen

Dato:
19.01.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
1:15t
Distanse:
7,3km

Pulk i Saurdalen

Dato:
15.01.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
4,0km

Ein flott, men kald, familietur i Saurdalen, Balestrand. Alt fint, kanskje bortsett frå at mor mi sølte ut kaffien sin i sekken og var søkkvåt «heilt inn på trusa», som ho sa. Godt vi hadde anna å drikke på..

Lingesete, Sogndal

Dato:
14.01.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
8,3km

Pulketur til Lingesete. Kaldt som f, men sola gjorde underverk.