Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Familietur til Store Skoddebotntinden

Dato:
27.08.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:00t

Mykje er sagt og skrive om den fantastiske utsikta på Store Soleibotntinden. Eg hadde difor sett fram til denne turen lengje. Eg, far (Arnold) og bror (Eirik) sette av garde frå parkeringsplassen og gjekk beine vegen over Bukkanosi og vidare oppover. Stien kom og forsvant litt i steinrøysa, men så lengje ein følgde ryggen gjekk det utan problem. Likevel var det ein god del våte og sleipe steinar, og hunden måtte difor berast eit stykke. For å seie det slik: dette var ikkje noko særleg til tur for ein liten hund. Etter ein del strev kom vi opp på toppen og vart krona med NULL utsikt i tåkehavet. Takk fan for kvikklunsj!

Kart     1 kommentar

Rask kveldstur med litt action

Dato:
25.08.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:45t

Rask kveldstur til Søre Gråbrørne. Følgde traktorvegen eit stykke oppover og over ei lita bru. Like etter må ein ta til høgre og innover ein meir attgrodd veg, forbi eit lite stølshus. Elles var det fin, merka sti resten av vegen. Sprang ned att ein litt anna veg - stor sett på traktoveg. Der heldt vi på å springe på ei tiur som flaska rett forbi oss, og som hunden deretter jaga inn i skogen. Fakerten til stort dyr!

Kart    

Rundtur til Nuken

Dato:
17.08.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:00t

Fin kveldstur til Nuken med hund og Asle Kvam. Flott vèr, men vått overalt.

Kart    

Ein rundtur på villspor

Dato:
14.08.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:00t

Målet var å ta ein rask tur til Lingesetfjellet. Skodde eller ei, dette var ein topp eg ikkje hadde vore på før. Parkerte på utsida av flyplassen. Her er det tillaga parkeringsplass for turgåarar. Følgde derfrå ein grusveg eit godt stykke innover. Her er det supert å sykle, for dei som føretrekk det! Eg jogga og gjekk med hunden. Det var ikkje skilta (eg såg i alle fall ingenting), men det er av og til merker i raudt. Eg kom etterkvart til eit kryss, der eg tok til venstre - bortover, ikkje oppover. Etter ca. 40 min, tok eg av frå grusvegen, da eg trudde det var ein sti der. Men dette var tydelegvis ikkje noko anna enn merker i terrenget, sikkert som følgje av arbeidet med oppsetjing av høgspentmastene. Eg gjekk så opp på ein liten høgde og såg da ein merka sti lenger nede i >>>

Kart    

Tylderingen - barsk kveldstur

Dato:
03.08.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:00t

Sjølv om turen opp til Tylderingen kun tek ein god time opp frå vegen, kjenner du det godt i beina etter ein lang arbeidsdag og med ein solid middag i magen. Denne kvelden kjentes difor den svingete stien oppover som lang - og jækla tung! Etter at denne første traverseringa var tilbakelagt kom eg opp til ein støl, der det flata ut meir. Eg skråa her slakare oppover, og tok snart til venstre opp mot det øvste fjellplatået (rett sørover). Deler av stien var rimeleg våt her, så eg vart fort våt på beina. Kjekt! Vidare følgde eg ryggen - og stien - opp til toppvarden. Det var mykje fin utsikt innover Sogndalsdalen. Flott utsiktstopp, men mykje vind. Hunden likte ikkje all vinden. Can`t blame him:-)

Kart    

Besshøe - Besseggen

Dato:
08.08.2015
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
23,5km
Kart    

Bursdagstur til Hestfjellet

Dato:
23.06.2012
Turtype:
Fjelltur

Dagen før 30-årsdagen måtte det verte ein familietr til ein ukjend plass. Det vart Hestfjellet. Fin sti heile vegen. Noko lang og bratt, men nydeleg utsikt til Balestrand.

Kart