Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Ein liten trasketur mot Gjendehøy

Dato:
02.09.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
4,0km

Jada, Beitostølen igjen. Tredje forsøket, etter at to tidlegare hytteturar vart kansellert som følgje av sjukdom og arbeid. Denne gongen fekk det vere nok. Turplanlegging viste seg derimot å vere litt daufødt, all den tid eg vart forkjøla første dagen, og det verken var "fugl eller fisk" i fjellet. Men tur vart det uansett. Trasking - og frysing - i friskt ruskever er likevel sjelden ei god oppskrift på rask friskmelding. Men kva skal ein liksom ta seg til på ei hytte? Sjå i veggen eller på Dr. Phil? Nei, takke meg til. Sjølv om vi ikkje fekk til ein skikkeleg topptur, vart det litt trasking mot Gjendehøy i snø- og vindkav. Jaja. Vi fekk no sett ein reinsdyrsflokk til glede for jentungen, om ikkje anna. Ikkje dårleg det, når resten er passe drit. Halvgod stemning..

Romhesten

Dato:
24.08.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
7:30t
Distanse:
12,8km

Så var turen komen til Romhesten, saman med Imperialblade (eller Stian som han som kjend heiter). Vi fekk skyss med båt frå Jordal, og sette avgarde i frå Lidal til fots. Eit lite stykke oppover skogen kom vi over eit lam som sat fast i eit gamalt gjerde. Følte meg skikkeleg Lars Monsen då eg fiska opp Leatherman-en og skar laus dyret. Dagens god gjerning. Vidare følgde vi linjetraseen oppover til vi traff på den kryssande stien. Turen gjekk i relativt slakt terreng oppover ryggen, slik at det aldri vart eit skikkeleg slit. God utsikt var det og, på ein elles frisk dag. Trolsk stemning. Litt småklyving enkelte stadar på siste vegen oppover til toppen. Men det var vel meir for bileta si skuld enn for nødvendigheita. her kunne vi nok gått rundt. Toppen like forut! Stian ser på widerøe-flyet >>>

Kart    

Sundagstrask til Ølnesstølen

Dato:
19.08.2018
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
4,3km

Enda ein liten familitur - denne gongen til Ølnesstølen. Vi sette bilen frå oss på parkeringa nedanfor garden England, og gjekk på grusveg opp til stølen. Frilufts-ambisjonane var no jenka ytterlegare eit hakk opp, då planen var å koke kaffi OG steike pannekaker på toppen. Eg hadde hugsa alt av utstyr utanom gassen sjølvsagt. Den låg att heime. Bålbrenningforbodet varte og rakk visst til halvegs ut i september, så da gjekk heile friluftsplanen rett vest. På veg ned vart vi halvvegs jaga av ein pestinfisert sau som var gal nok til å byksa over fegrinda. Snusen og eg jagde tosken vidare til skogs. So gjekk vi heim og kokte kaffi og steikte pannekaker - på trammen utanfor huset. Minus-poeng på frilufts-scoren.

Kart    

Familietur til Skriksvatnet

Dato:
12.08.2018
Turtype:
Fjelltur

Kjekk liten tur til Skriksvatnet frå parkeringsplassen på fin sti, og fyrste gongen vi skulle koke kaffi med den nye gass-primusen (raudsprit gav eg opp etter at eg miste halve tilbehøret på tur over Meneseggi). Eg hadde sjølvsagt gløymd skåla til primusen, så eg måtte støtte opp kaffikanna med ein pinne som sjølvsagt fell ned og eg måtte starte oppkoket på ny. Det var vel det einaste spanande som skjedde denne turen. Men koseleg var det likevel, sjølv om kaffien smakte dritvatn.

Kart    

Edelweiss, Zermatt

Dato:
28.07.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:42t
Distanse:
5,8km

Siste turen gjekk til eit lite vertshus på ein utbygd knaus 200-300 meter over Zermatt. Stien svingde seg i traversar opp gjennom fjellet, og ein skulle aldri tru at nokon kunne funne på å bygd sti her. Kva i pokker liksom? Men, joda, desse sveitserane skal visstnok opp kvar som helst. Og på toppen kunne ein kjøpe øl, sjølvsagt. På veg ned kom tordvèret over oss. Vi har vel skjeldan beinflygd so fort nedover bakkane. Søkte ly i ei lita rønne av eit stabbur og åt lunsj. Kos med litt regn etter all sol og varmen. Kona var ueinig i det.

Riffelalp/Riffelberg, Zermatt

Dato:
27.07.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:15t
Distanse:
12,0km

Ein nydeleg fjelltur i flott vèr. Vi tok Gorgoroth-bana (noko i den duren i alle fall) frå sentrum av Zermatt til Riffelalp. Defrå følgde vi god sti til Riffelberg i nokså sinnsjuke omgjevnader. På toppen vart det is og kaffi og kake. Og so var det rett ned att til Zermatt - og basseng og øl. Livet er digg.

Fjelltur frå Schwartzee, Zermatt

Dato:
25.07.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:00t
Distanse:
13,0km

Ein nydeleg tur frå Schwartzee og ned att til Zermatt. Litt surmuling på toppen då kona ikkje var nøgd med bileta eg tok av ho og jentungen, og så vart det litt surmuling om fylling av vatn på toppen. Men kven bryr seg. Fjellet ordnar opp og det var ein fin tur ned att, bortsett frå at den helsikes minimeisen er noko forbanna bos av ei anna verd.

Fjelltur frå Sunnegga, Zermatt

Dato:
24.07.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:06t
Distanse:
11,0km

Store mål for små bein

Dato:
15.07.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
3,7km

Ein enkel tur for små bein til Fisketjernnuten vart målet denne dagen. Det er fin sti i slakt terreng rett ved den nedlagte (og nedrive) vandrarheimen. Brunne ned kan hende? Men ingen har teke seg bryet med å fjerne skiltet. Uansett, jentungen var flink til å gå og fekk belønning i sjokolade. Ikkje meir som skal til eigentleg for å nå denne tulletoppen.

Kart    

Ein slags fjelltur

Dato:
14.07.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:00t
Distanse:
5,0km

Ambisjonen om å gå til Svarteknippa frå hovudvegen ved foten av Bitihorn viste seg ganske fort å vere overambisiøst, når ein har ei kone med rygg som er stiv som ein stokk, og ein 2-åring som ville gå og hoppe og sjå på steinar og vardar og plukke blomar for kvar meter. Då gjekk planen fort i vasken. Vel, vi kom oss likevel opp i høgda og fekk svetta litt. Får vere nøgd med det. Det er tross alt betre enn å site heime i sofaen og slaske seg som ein feit gris.