Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Vassløysa over Helebrandseggi- eit dugeleg trask

Dato:
31.05.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:27t
Distanse:
11,1km

Bommen ved Dalaker var stengd slik at vi måtte ta beina fatt innover grusvegen. Når vi var komne fram til stølen Vassløysa gjekk vi om Hellebrandseggi på vegen ned att (altså ikkje den same keisame grusvegen tilbake). Akkurat her er det god stemning. Så gjekk turen vidare sørover mellom Vetle- og Storevatnet der vi skilte lag med stien. Eirik i godt driv over Hellebrandseggi. Vidare gjekk det i bein luftlinje ned mot Dalaker. Det vart litt klabb og babb nedover fjellet, og jentungen (som på det tidspunktet allereie var småfurten pga. kald vind) vart ikkje i betre humør av å få ei grein piska rett i ansiktet på veg nedover lia. Herding får ein vel kalla det..

Kart    

Frå drit til fint på Togga

Dato:
30.05.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
4,8km

Med "storfint" besøk frå Bergen var det langturen, inkl. overnatting, frå Fodnes til Årdalstangen som stod på planen. Men på grunn av skikkeleg dritver heile helga gjekk planen i vasken. Langturen vart difor nedgradert til Steindalseggi og deretter - som følgje av same grunn - til "stusselege" Togga. Vi fekk uansett ein god dose dritver her og - nesten heilt fram til toppen. Der letta alt saman og naturen viste seg frå si beste side. Så alt i alt var vi godt nøgde. Ah! Snart framme - eller nei. Godt norsk mai-ver. Endå meir Og brått - vindstille, sol og opphald!

Kart    

Børesteinen Luster

Dato:
26.05.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:00t
Distanse:
7,2km

Børesteinen var noko vi (eller kanskje helst eg) hadde sett oss (meg) ut lengje. Vi køyrde til garden Berge, og derfrå var det ganske rett opp. Stort sett fine hårnålssvingar oppover, med ei lita klyveøkt i slutten. Det heile tok litt lenger tid enn eg hadde trudd, men jentungen på 3 var med og ho ville gå nesten heile turen sjølv, så då let det seg forsvare. Utsikta sugde

Kart    

Beinflyging til Stedjeåsen

Dato:
20.05.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:45t
Distanse:
4,6km
Kart    

Bjørkastølen

Dato:
01.05.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:30t
Distanse:
7,0km

Ein fin rundtur 1. mai

Kart    

Jeiskedalen nok ein gong!

Dato:
28.04.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:00t
Distanse:
5,4km

Jentungen gjekk som fan! Imponerande faktisk. Heilt til ho datt, då var det rett i meisen.

Kart    

Jeiskedalen, retning Hesteggi

Dato:
23.04.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:00t
Distanse:
3,9km

I underkant av 400 høgdemeter er vel i grensa av kva ein kalle ein topptur. Men skit, lat gå.

Kart    

Amlaholten

Dato:
22.04.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:45t
Distanse:
5,3km

Amlaholten, første gong i år. Kona vart dritredd då vi fekk beskjed frå ein annan turgåar om at han hadde sett hoggorm, og ho turde knapt flytte beina på vegen opp mot toppen. Men trur du vi såg hoggorm? Nei!

Kart    

Bruhjellstølen

Dato:
13.04.2019
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
5,0km

Første gongen i år på føtene! Skrap-vinter

Kart    

Siste turen i dritvèr

Dato:
31.12.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:00t