Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Stav

Dato:
31.01.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
3:00t
Distanse:
9,6km

Endeleg ein skikkeleg topptur! Reiste med kollega Jomar heilt fram i Grindsdalen på brøyta veg. På med skia, eit lite stykke gåing i same retning og deretter nærmast rett opp mot Sauaholten som vi passerte og snudde nordover, sannsynlegvis litt seinare enn vi skulle. Men det var stort sett dårleg sikt og nesten umogleg å sjå kor det var best å gå. Deretter kryssa vi eit søkk og så var det oppover igjen, og endå meir oppover til vi endeleg var på toppen! Mange høgdemeter og framleis svært lite å sjå. Vi følgde difor spora våre heilt ned til bilen, men la sjølvsagt inn nydelege svingar undervegs (tykte vi sjølv, i alle fall). Alt i alt ein kongetur!

Kart    

Høgehaug

Dato:
25.01.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
1:45t
Distanse:
9,4km

Ein nydeleg tur til Høgehaug frå Rindabotnen. Skyene låg som eit hav under oss frå toppen med perfekt utsikt til Hurrungane i det fjerne.

Kart    

Fottur i Fortundalen

Dato:
21.01.2021
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:45t
Distanse:
4,0km

Det var dags for servicen på Subaruen, og då er det berre merkeverkstaden i Fortun som tel. Eit godt stykke å køyre for ein service kanskje, men for ein service det er der! Tidlegare har eg trent på det lokale treningssenteret i mellomtida, men då dette var corona-stengd, vart eg anbefalt å ta meg ein skitur frå Turtagrø i staden. Heller ikkje dette vart nokon suksess, då dritveret Frank gjorde seg stor til fjells. Det endte med ein trasketur i Fortunsdalen. Det vart ein lett trasketur i slakt terreng. Kan vel leggje til at vel framme på haugen Skarhaug måtte eg infernalsk drite. Her var det ingen kjære mor. Men tydelegvis vegra kroppen seg når han såg den provisoriske doen eg rota saman av nokre pinnar og ein stein. Gode greier. Så slapp ein del lauvblad med skrekken og.

Pulketur til Kleppa, Leikanger

Dato:
20.01.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
6,2km

Tur med hund, pulk, son og kollega med sin son, i langrennsløypa på Kleppa. Hyggeleg!

Kart    

Pulk frå Flyplassen

Dato:
19.01.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
1:15t
Distanse:
7,3km

Pulk i Saurdalen

Dato:
15.01.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
4,0km

Ein flott, men kald, familietur i Saurdalen, Balestrand. Alt fint, kanskje bortsett frå at mor mi sølte ut kaffien sin i sekken og var søkkvåt «heilt inn på trusa», som ho sa. Godt vi hadde anna å drikke på..

Lingesete, Sogndal

Dato:
14.01.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
8,3km

Pulketur til Lingesete. Kaldt som f, men sola gjorde underverk.

Skitur i sola

Dato:
13.01.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
1:00t
Distanse:
6,5km

Ein fin tur i sola med babyen i meisen, ja heilt fram til barnehagen ringte- og deretter ei lettare hysterisk kone - og informerte om at jentungen hadde mageknip. Så var det beinflyging ned att til bilen med hunden i hælane. Ikkje ein tur utan litt dramatikk, nei.

Fottur på Kaupanger

Dato:
12.01.2021
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:27t
Distanse:
3,0km

Prøvde meg først med fjellski men fant fort ut at det var for lite snø, sjølv om hunden kanskje ikkje var heilt einig i det, ref. biletet. Så då bytta eg til fjellsko med ungen i meis. Fine skogar på Kaupanger.

Mot Tylderingen under stjernene

Dato:
11.01.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
1:26t

Med gode 10 blå på gradestokken og nydelege snøforhold fekk vi ei magisk oppleving denne kvelden. Var nesten helligbrøde å gå med lykt under denne stjernehimmelen! Så fekk eg likevel svar på tiltale, då lykta mi kubba halvvegs i nedkøyringa. Skal vel ikkje klage. Hunden til Asle kubba halvvegs oppover. Dei stakkarane vende nasa/snuten ned att derfrå.

Kart