Nessadalen (05.02.2021)


Turtype Randonnée/Telemark
Turlengde 2t 00min
Distanse 5,5km
Høydemeter 437m
GPS

Turmålet måtte endrast frå «Hest» til «Breidstøldalen». Dette som følgje av ein grusom sur vind, som starta, ja nettopp i denne dalen. Med eit utgangspunkt på ca. 12 minus på gradestokken, vart det vel ei god dobling av effektiv temperatur, når vi hadde kome opp på Monstjørni. Der kunne eg trygt ha investert pengane mine i ein vindpark, for å seie det slik. Som om ikkje dette var nok viste fokksnøen seg å være særdeles ugjestmild, då vi opplevde fjernutløysing av svake lag etter kvart som vi trakka oss framover i terrenget. Då freista Hest enda mindre.
Turen enda med ein kort lunsj i ein levegg og ein leiken køyring ned att til bilen. Akkurat det var stor stas!

Vi sjåast nok igjen, Hest! Med då får du fan meg vise deg frå ei betre side.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.