Jaga av tiuren på Kaupanger (23.05.2020)
Bestigninger | Hardasleppen (620moh) | 23.05.2020 14:36 |
---|---|---|
Andre besøkte PBE'er | Amlaholten stistart (232moh) | 23.05.2020 12:01 |
Øvste Halsane Utsiktspunkt (560moh) | 23.05.2020 13:13 |
Ein fin vår-runde på Kaupanger med pannekakesteiking i sola.
På veg ned att rant vi på ein illsint tiur som sperra vegen. Det var ikkje snakk om at han ville flytte seg, sjølv etter rop og hyling og vifting med stokkar og ukvemsord. Vi gjekk av vegen og gjekk på oversida, men då han kom flaksande etter oss som gal når vi var komne ned att på vegen lenger framme. Jentungen vart livredd "høna" (som ho kalde han), så vi tok beina fatt og kom sjølvsagt på avvege i alt tumulta. Så vart turen litt lenger enn planlagt.
Benutzerkommentare
Rettferdig harme?
Geschrieben von Argok54 15.06.2020 08:00Det kan tenkast at han var så inderleg lei rekinga av all slags folkepakk tett innpå bustaden sin. Denne dagen rann det tydelegvis heilt over for han. Det er vel ikkje nokon som likar å få framandefolk klin innpå husnovene sine.
Sv: Rettferdig harme?
Geschrieben von Hommpbollen 02.08.2021 14:50Joda, men han følgde etter oss lengje etter at han openbart måtte ha forstått at vi ikkje hadde tenkt å invadere heimen hans noko meir. Så eg vel å tru at han var heilt psykotisk.