Drit som endte bra (25.09.2016)
Bestigninger | Helleberget (988moh) | 25.09.2016 |
---|---|---|
Andre besøkte PBE'er | Rindabotn vinterparkering (600moh) | 25.09.2016 |
Med sjøslaget frå fredagskvelden enno sitjande i kroppen, var det ikkje akkurat duka for ein kjempetur. Planen var eigentleg Skriki, men pga. noko familiegreier kom eg meg ikkje avgarde før kl 14. Og når Sogndal-kampen starta kl. 15.30 kunne eg berre drite i Skriki denne dagen. Kanskje like greitt..
Hunden var, i motsetning til meg sjølv, full av energi og dro konstant i bandet frå vi gjekk. Eg skal innrømme at det kom nokre heftige glosar i det første stykket oppover dalen. Men vel, så skjer det som det skjer på fjelltur. Ting vert lettare, og utsikten vert betre. Så humøret steig etterkvart i takt med høgdemetrane.
Elles var det ein greit tur på merka sti. Gjekk opp ryggen mot Helleberget og straks var eg på toppen. Strålande utsikt i alle retningar!På veg ned kom vi over eit kadaver. Der må jerven ha hatt seg eit festmåltid.
I min fasinasjon og forvirring ramla bilnøkkelen ut av sekken, noko eg oppdaga lengre ned i bakken. Da falt verden litt saman. Heldigvis fann eg han att eit stykke lenger oppe - og takka høgare makter.
Så bar det rett ned i luftlinje mot Rindabotnen.
Kommentarer