Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (6)
- Trugetur (6)
- Fottur (203)
-
Skitur (174)
- Fjellskitur (10)
- Langrennstur (148)
- Randonnée/Telemark (16)
-
Sykkeltur (13)
- Blandet sykling (8)
- Terrengsykling (5)
"Peakbookvenner"
Lister jeg samler etter

Nynabben
- Dato:
- 26.04.2018
- Distanse:
- 4,2km
Liten tur på vegen når vi skulle til Jessheim for å hente campingvogn.
Formokampen
- Dato:
- 15.04.2018
- Distanse:
- 33,4km
Sundag planla vi eigentleg ein litt kortare tur, for å reise tidleg heim. Plan for turen vart dermed å gå inn til Peer Gynt-Hytta, og opp på Søre Skorutberget. Inn til hytta var det jamn stigning heile vegen, men god skiløype og flott utsikt. På hytta hadde vi ein lengre pause i solveggen. Medan vi satt der høyrde vi at vegen frå Mysuseter til Otta var stengd på grunn av snøras, og at han ikkje vart opna før utpå kvelden. Da fann vi ut at vi ville gå ein lengre tur. Vi gjekk opp på Søre Skorutberget som planlagt, og så vidare over til Formokampen. Til Formokampen gjekk vi beinaste i staden for å følgje skiløypa rundt, det var ikkje eit spesielt godt val. Oppe i sia vart det bratt, og det gjekk eit søkk bortgjennom snøen ein gong, noko som var frykteleg ubehageleg. Vi snudde >>>
Simlepiggen
- Dato:
- 14.04.2018
- Distanse:
- 30,3km
Laurdagens tur gjekk til Illmannhøar, Simlepiggen og Ranglarhøe. Skiløypa inn til Spranget flott, og utsikta fantastisk. I frå Spranget følgde vi kvistaløypa inn mot Rondvassbu. Vi tok av frå den, og gjekk om Grønnbue til Fremre Illmannhøe. Derifrå gjekk vi over Illmannhøe til Simlepiggen. Der tok vi ein rast i sia før vi gjekk mot Indre Illmannhøe. Sia ned mot Indre Illmannhøe var ganske bratt, og det hadde gått eit ras der før i vinter. Stigninga opp mot Indre derimot, var lettgått og fin. Returen gjekk i fint, lettgått terreng fram til Flatfjellet, der eg byrja og bryte ein del igjennom den våte snøen. Nesten nede at på Mysuseter fann vi ut at vi ville oppom Ranglarhøe, det vart ein fin avstikkar. Ein ny flott tur i eit strålande vêr.
Vålåsjøberget
- Dato:
- 13.04.2018
- Distanse:
- 9,1km
Kristine og eg drog frå Hamar i 4-tida fredag efta til Rondane Høyfjellshotell på Mysuseter. Etter eit raskt ombyte på hotellet gjekk vi i vegen på tur. Målet for turen var Fjellmillopiggen og Vålåsjøberget. Vi følgde bra skiløype til om lag 950 moh, der tok vi av løypa. Det var eigentleg skiløype der og, men den var ikkje køyrd på lengje, men var andre som hadde gått der og ein scooter hadde køyrd der. Like nedunder Fjellmillopiggen tok vi av den løypa og brøyta opp på Piggen. Derifrå strevde vi litt med å finne ein god nedkøyring i det flate ljoset. Nede mellom toppane kom vi inn at i skiløypa, som vi fort gjekk av at for å gå på Vålåsjøberget. Same veg opp og ned der, før vi følgde skiløypa attende til Mysuseter. Ein flott tur i eit fantastisk flott kveldsljos.
Skjellbreidhytta og Hærfjellet
- Dato:
- 01.04.2018
Siste skitur i påska 2018. Kristine og eg gjekk i frå Astridbekken til Skjellbreidshytta, der satt vi og kosa oss i solveggen i halvanna time. Derifrå gjekk vi over Skjellbreidfjellet til Nysetra, og oppom Hærfjellet på tur tilbake til Astridbekken.
Skei
- Dato:
- 31.03.2018
- Distanse:
- 28,9km
Kristine og eg køyrde til Skei for å gå ein tur der. Hovudmålet for turen var Avlundskampen som Kristine mangla. Vêret var like fint som det hadde vore heile påska. I frå Skei og innover PerGynt-vegen gjekk vi i flokk, valdsamt mykje folk i fjellet der! Oppover mot Skeikampen vart det lengre mellom folk, men fortfarande folksamt. Vi hadde ein lang rast nedunder Søre Avlundskampen, før vi gjekk på dei tre Avlundskampane. Derifrå gjekk vi vidare om Skardbua, Slagsfjellet og Nisjuvatnet. Ein ny flott tur.
Synstgardssetra
- Dato:
- 30.03.2018
- Distanse:
- 34,0km
Tur i lag med Kristine og pappa. Etter mange dagar i område rundt Værskei hadde vi lyst til å gå ein tur ein annan plass. Vi drog til derfor til Synstgardssetra. Nordbukampen vart målet for turen. Vi følgde den gode skiløypa opp Ongsjølia til Leppe, derifrå vart det scooterspor til Nordbua. Der hadde vi ein lang rast i solveggen. Det var greitt å gå opp til Norbukampen, men tungt. Ned att var det like tungt, ikkje spesielt god snø for nedoverkøyring på langrennsski. Vidare gjekk turen til Leppfjellet, og ned til Leppbua. Attende frå Leppbua til Synstgardssetra gjekk det fort og lett. Ein flott tur i fantastisk påskevêr.
Ginahytta
- Dato:
- 26.03.2018
Påsketur på Ginahytta i lag med Kristine. Vi hadde vore ein tur på hytta på sundag, då hadde vi bore opp kvar vår tunge sekk, fyra i hytta, måkt veg mellom hytta og uthuset, og godt ein fin tur om Prestkjerringa.
På måndag var det ikkje spesielt fint vêr frå morgonen, så vi drygde litt utover dagen med å dra opp. På ny bar vi tunge sekkar frå Astridbekken. Etter å ha fyra litt i hytta, og måkt sitteplass utanfor hytta, gjekk vi en skitur om Værskei og Kjettbergløypa.
På tysdag vakna vi opp til strålande sol og relativt vindstille. Vi satt inne ei god stund og spilte, før vi satt oss ut i sola og åt dugurd og las. Langt på dag kom vi oss ut på ski. Turen gjekk om Gammelhans, Myssmørhelje, Skjellbreidhytta og Kjettberget. Det vart ein riktig fin tur.
Onsdagen var vêret >>>