Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (13)
-
Other winter trip (6)
- Snowshoe trip (6)
-
Ski trip (174)
- Backcountry skiing (10)
- Cross-country skiing (148)
- Randonnée/Telemark (16)
-
Trip by foot (203)
- Alpine trip (6)
- Hike (44)
- Hillwalk (134)
- Jogging (16)
- Walk (3)
Peakbook-Friends

Rennefjellet
- Date:
- 07.09.2019
- Distance:
- 6.4km
Tur i fint vêr. Stort sett råk, men litt utanom også. Flott utsikt, og vi fann ein kilo molte.
Javnberget
- Date:
- 03.09.2019
- Distance:
- 6.3km
Kveldstur til Javnberget i Øystre Slidre. Vi parkerte ved Lidar kyrkje, og følgde skiltinga, og fint råk opp til toppen. Fantastisk flott utsikt!
Liahovda
- Date:
- 02.09.2019
- Distance:
- 2.9km
Liten kveldstur i Øystre Slidre. Vi parkerte i vegkanten like før Beitostølen helsesportsenter, og følgde traktorveg eit godt stykke. Vidare opp terrenget på jakt etter bær og sopp. Vi fann nokre få piggsopp, og litt blåbær. Fin utsikt på toppen.
Kjeldeknatten
- Date:
- 01.09.2019
- Distance:
- 3.7km
Topptur med mykje plukking av villbring, kantarell og blåbær.
Haustsæterfjellet
- Date:
- 31.08.2019
- Distance:
- 9.9km
Tur på Tonsåsen med Kristine. Vi parkerte i kanten av vegen inn til Bergsåsen, og gjekk i vegen bilvegen innover mot Midtsætri. Innover plukka vi mykje blåbær i vegkanten og litt innover i skogen, attende plukka vi mykje villbring. Frå Midtsætri gjekk vi råket opp til Haustsæterfjellet. Råket er nok ikkje spesielt mykje brukt, men det var greitt merka. Tårnet på toppen byrjar nok å dra på åra, og eg turte ikkje klatre høgare enn halvvegs. Attende mot Midtsætri gjekk vi utanom råket, på jakt etter sopp.
Dette vart vår nye pf100+ topp nr. 200 i år. Vi hadde eigentleg tenkt til å gå på fleire toppar, men bær- og soppfangst gjorde så vi brukte lang tid på denne turen.
Alt i alt fann vi litt kantarell, nesten ein kilo molte, ei bøtte blåbær og ein god del bringebær. >>>
Mehovd og Robølshovda
- Date:
- 29.08.2019
- Distance:
- 6.4km
Tur etter jobb med Kristine. Vi parkerte i vegkanten rett før bommen inn mot Yddin og Storeskag. Vi følgde traktorveg eit stykke, før vi gjekk rett opp skogen til Mehovd. Litt utsikt på toppen. Vidare gjekk vi på Robølshovda. Attende til bilen gjekk vi snarvegen gjennom skogen i staden for å følgje bilvegen, kor lurt det var kan diskuterast. Vi fann litt blåbær og litt piggsopp på turen.
Skutshorn
- Date:
- 26.08.2019
- Distance:
- 7.7km
Tur etter jobb. Vi køyrde inn Sanddalen og parkerte før setrane inst i dalen. Derifrå gjekk vi i bratt motbakke oppover. Det var godt råk heilt til vi kom opp i steinrøys på om lag 1400moh. Oppe på nordtoppen registrerte vi dagens fyste nye topp. Fantastisk utsikt frå heile topplatået. På høgaste topp vart vi einige om å gå runden rundt Nordlandstjernet. Verkeleg ein flott runde.
Grytingen, Såta og Storehorn i Hemsedal
- Date:
- 25.08.2019
- Distance:
- 14.9km
Køyrde heimanfrå til Hornslie i Hemsedal. Ganske fint vêr, men litt overskya og litt vind. Eg hadde gløymd jakke heime, heldigvis var det t-skjorte-vêr heile turen.
Vi gjekk i vegen på godt råk oppover mot Storehorn og Veslehorn. Tok av frå råket og gjekk i retning Grytingen i relativt lettgått terreng, men litt kratt og myr. Vi droppa båe Slettefjell og Grytingen aust, og gjekk rett opp på Grytingen.
Vidare om Veslesåta til Såta. Frå Såta mot Storehorn, og godt råk opp til Storehorn og over Veslehorn. Vi vurderte å gå oppom pinakkelen, men droppa det og gjekk rett til bilen.
Fin tur i eit nytt fjellområde for oss.
Gravolskampen og Sandhaugen
- Date:
- 24.08.2019
Laurdagsturar med Kristine. Vi køyrde forbi Beitostølen og parkerte ved Båtskardstølen. Derifrå følgde vi godt råk mot Gravolskampen. Vi tok av frå råket for å gå på Oledalsbrynane. Vidare derifrå gjekk vi rett mot Gravolskampen. Vi fann ein del molte på denne turen.
Etter turen på Gravolskampen køyrde vi vidare innover mot Valdresflya. Plan var å gå på ein topp vi gjekk forbi utan å gå oppom for nokre år sidan, Sandhaugen. Vi køyre fyst til den nordlege parkeringsplassen til Bitihorn, men vi ville ikkje betale 60kr for å stå der, så vi køyrde litt attende og fann ein parkeringslomme. Her fann vi ein del molte før vi kom inn på råket.
Det vart to fine turar i relativt bra vêr, med flott utsikt frå toppane.