Arkiv - dato
"Peakbookvenner"
Til topps i verdas eldste republikk, San Marino!
- Dato:
- 01.09.2015
Sommaren 2015 var eg på tur med min gamle golf rundt i Europa, og på denne turen plukka eg med meg nokre nasjonstoppar rundt om, og den fjerde toppen var San Marinos høgaste fjell, Monte Titano.
Etter nokre dagar på vegen i Tyskland, Sveits og Italia var det no klart for det vesle landet San Marino. San Marino er verdas eldste republikk og ligg som eit land inne i Italia. For nordmenn er kanskje landet mest kjent for å ha tapa 10-0 mot Noreg i fotball. Eg måtte difor ta meg ein tur å sjå på nasjonalarenaen deira, den var ikkje like flott som Ullevaal stadion, men artig å sjå.
Når eg kom inn i San Marino var det lett å sjå kor ein skulle, det var berre å køyre mot toppen. Her fann eg ei parkering og byrja å rusle rundt om i dei tre borgene her oppe, flott utsikt over heile San >>>
Toppen av Ungarn!
- Dato:
- 24.08.2015
Sommaren 2015 var eg på tur med min gamle golf rundt i Europa, og på denne turen plukka eg med meg nokre nasjonstoppar rundt om, og den andre toppen var Ungarns høgaste fjell, Kékes.
Etter ei natt i Prahas gamleby sette eg kursen for Ungarn og den høgaste toppen der, Kékes. Det er ein lang tur, men på gode vegar gjeng det ganske så fort. På turen skulle eg også få to nye land på CV`n min, nemleg Slovakia og Ungarn. Eg køyrde gjennom store delar av Tsjekkia, fekk meg frokost på McDonalds, noko eg aldri kjem til å gjere att, for det er noko av det verste eg har smaka!!! Kom inn i Slovakia og passera kanskje verdas største internasjonale kryss, for eg kunne velge å køyre til Polen, Austerrike, Ungarn eller Ukraina.
Turen gjekk til Ungarn, her måtte eg stoppe på ein bensinstasjon >>>
Frå Berlin til toppen av Tsjekkia!
- Dato:
- 23.08.2015
Sommaren 2015 var eg på tur med min gamle golf rundt i Europa, og på denne turen plukka eg med meg nokre nasjonstoppar rundt om, og den fyrste var Tsjekkias høgaste fjell, Snezka.
Eg starta tidleg frå Berlin der eg hadde tilbragt natta på eit hostel saman med to ukrainske jenter. Målet for dagen var Snezka og å kome til Praha der eg hadde tenkt å overnatte. På vegen til Snezka måtte eg innom Polen, og grensepasseringa frå Tyskland til Polen hadde vore ubemerka om det ikkje hadde vore for den store skilnaden på vegstandard. Frå nydelege motorvegar i Tyskland gjekk eg over til humpute og fæle vegar i Polen, det rista og slo voldsomt i Golf'n. Etter eit lite stykke på desse vegane vart eg utsett for eit ransforsøk, som eg heldigvis greidde å gjennomskue. For framom meg var det >>>
Langs Mjøsas bredder 2
- Dato:
- 12.06.2015
Kom frå Hurdal og køyrde mot Eidsvoll Verk, måtte litt ut på E6 og tok av ved Minnesund mot Gjøvik.
Hadde tenkt meg ein tur innom Smaragd gruvene som ligg her, men det vart litt seint, så det får bli ein annan gong.
Køyrde vidare forbi Feiring og vidare mot Gjøvik, kom til skilting mot Skreikampen og St. Johns gruva inn på Stubberudveien. Fylgde denne vegen til parkeringsplass og blåmerka sti til topps. Stien delar seg på veg oppover, men det er tydeleg skilta kva for ein sti som gjeng mot toppen, og kva for ein sti som gjeng mot gruveområdet og synkane.
Det var fin utsikt og store vardar på toppen. Virkar som ein populær topp, 9 personar i tillegg til meg som hadde vore der så langt denne dagen pluss at eg møtte fire til som var på veg til toppen, når eg gjekk ned att.
Eg svinga >>>
Langs Mjøsas bredder!
- Dato:
- 12.06.2015
Kom frå Østre Toten sin høgaste topp, Torsæterkampen på grusvegen frå Torsetra. Det føltes ut som ein skjult veg midt inni skogen, utan ein einaste annan bil, ogplutseleg var ein ved ein hovudveg att. Ute på ein større veg køyrde eg vidare ned mot Hurdal og derifrå vidare mot Brandbu. Her kjem det eit skilt mot Fjellsjøkampen, men det er bomavgift på kr. 40 som betalast via SMS. Køyrde denna vegen til eg kom til ein gard, her var det ein grind i enden av vegen og eg var usikker på om eg berre kunne opne å køyre inn. Då kom bonden ut å sa at eg måtte gjennom grinda og litt vidare om eg skulle på toppen. Eg takka for informasjonen og køyrde om lag 100 m før det var bom og parkeringsplass.
Frå her fylgde eg blåmerka sti til topps, der det var eit stort fint tårn.
Fin topp >>>
Bonustopp på Vestfoldtur!
- Dato:
- 28.09.2014
Kom frå Tønsberg og tok av frå E18 mot Sande, køyrde så til jernbanen, men tok av før eg kryssa den. Tok av mot Montebello Arena. Kom til bomavgift (40 kr) og køyrde vegen til endes, flotte lysløyper her oppe. Parkera i enden av vegen i ei slags rundkjøring og fylgde blåmerka sti og skilt mot Kabretta. Når eg kom til Kabretta fylgde eg sti og skilt til Presteseter. Vel framme med Presteseter går det ein litt utydeleg sti bak huset og opp til sjølve toppen med raud kasse og bok.
Men eg hadde på førhand sett at Drammen sin høgaste topp, Annevasshøgda var mogleg å ta med seg i same slengen. Eg plotta det inn på GPS'n og gjekk i rett linje ned skrentar, over myrer og opp skrentar til topps. Det var veldig ulendt og vanskeleg å gjere det på denne måten, men eg fann fram og kom >>>
Rogalandsraid dag 2 - Stavanger
- Dato:
- 12.08.2014
Eg kom frå Randaberg på E39, og fylgde skilting mot Ullandhaug. Eg kom på toppen av bakken og parkera på ein eigna plass. Eg måtte gå den seiste kneika til toppen og til det store kvite tårnet som står her oppe. Det er ein veldig lett topp å bestige, det var også mykje folk på toppen denne dagen. Eg knipsa nokre bilete og turen haldt fram til Sola.
Rogalandsraid dag 2 - Bokn
- Dato:
- 12.08.2014
Etter ei heller ubehageleg natt i bilen under høgspentlina, starta eg tideleg frå parkeringa litt utanfor Haugesund. Målet for dagen var fleire toppar i Rogaland. Eg køyrde på E39 mot Stavanger og tok etterkvart av til Bokn kyrkje. Her fann eg ei fin parkering og det var skilta mot toppen. Det går ein veg opp til toppen, men her er det bom, så ein måtte ta beina fatt. Det var ein fin rusletur på morgokvisten, men ein del vind og litt grått vêr. Det var mykje vind og ei bok på toppen, god utsikt over dei ulike øyane her. Turen gjekk så vidare med ferje til Rennesøy.
Rogalandsraid - Haugesund!
- Dato:
- 11.08.2014
Etter å ha vore på Karmøy sin høgaste topp, og teke meg ein tur rundt om på Karmøy. Var eg no klar for Haugesund sin kommunetopp. Eg køyrde difor frå Karmøy og inn i Haugesund sentrum. Turen gjekk vidare nordover på rv. 47, her tok eg av mot Kvalvåg. Køyrde eit lite stykke på denne vegen, heilt til eg kom til ein bakketopp, der det er ein trafo og ein liten parkeringsplass. Herfrå gjeng det sti til topps. Det var ein voldsom vind på toppen, og det var tydeleg at den tropiske stormen Bertha har nådd Vestlandet!
Eg tok den lette løysinga og sov i baksete på Golf'n. Sidan det allereie var seint sov eg berre på parkeringa nedanfor toppen. Det vart ikkje så mykje søvn denne natta, litt ukomfortabelt å liggje, men også tordenvêr som buldra utanfor. Eg hadde lagt meg rett under >>>
Rogalandsraid - Karmøy!
- Dato:
- 11.08.2014
Nokre helger før skulen skulle starte att, fann eg ut at eg hadde fri og såg difor at eg hadde moglegheit for nokre kommunetoppar. Sidan eg aldri hadde vore i Haugesund, passa det fint med ein tur over fjellet. I dette distriktet er det også mange toppar som ligg på rad og rekkje. Dei tek heller ikkje så lang tid å bestige. Difor fann eg ut at ein overnattingstur kunne vere fint. Haugesund og Karmøy var målet den fyrste dagen, planen dagen etter var å ta så mange toppar på vegen til Stavanger som eg kunne. Og kanskje kunne det vere moglegheiter for ein tur til Noregs minste kommune, Utsira. (Måla i folketal, Kvitsøy er mindre i areal).
Turen gjekk difor frå Åmdals Verk, over Haukelifjell på E134. Eg kom då på E134 og tok av i Skre mot Kolnes. Køyrde vidare litt inn i byggefeltet >>>