Arkiv - dato
Ørsta: Langhornet, Dukhornet nvf og Kubben
- Dato:
- 25.09.2017
Kvalshagen (Trygve Kvalsund Norhagen) var ferdig på jobb i tide til ein kveldstur om det ikkje var for langt unna, så då passa det fint med ein litt småsnacks frå dei forskjellige Ørsta-listene som har fått stå att med tanke på korte haustkveldar.
Valgte å følge god rås heilt opp i Langhorndalen og så gå opp ryggen mellom Langhornet og Dukhornet nvf, trur det må være eit minst like om ikkje betre alternativ enn den andre sida. Artig egg mellom desse toppane og medan Trygve ville jobbe litt meir med brunfargen stakk eg nedom Kubben også. Bratt ned mot vatnet på dei skurte, men tørre svapartia til Svartevatnet, så retur gjennom buskas og kratt til vi kom inn på stien på andre sida av elva.
Eg har framleis ikkje funne utav dette med opplasting av foto på ein god måte der det eg skriv om fotoa blir igjen når >>>
Hornindal: Middagsfjellet/Øyenibba
- Dato:
- 18.09.2017
Fekk med meg Kvalshagen (Trygve Kvalsund Norhagen) på ettermiddagstur til Hornindal. Kjørte til bommen nedanfor Grodåssetra og fulgte veg og sti til topps. God rås, tydeleg merking og flott utsyn over Hornindalsvatnet og Grodås på toppen. Litt for lavt skydekke hindra utsikt over den delen av fjellheimen som strekker seg over 1000m. Flott trimtopp som ein fint gjer unna på rundt 2t t/r.
Haram: Terøyfjellet
- Dato:
- 17.09.2017
Parkerte ved trafokiosken som ein (kanskje) kan sjå nede til høgre på bildet. Rett oppom er det merka og god sti til topps. Kjapt gjort!
Haram: Søvikdalen rundt
- Dato:
- 17.09.2017
Etter oppvarming med to lave øytoppar var eg klar for mi første Haramsrunde. Parkerte som anvist i appen og fulgte først veg (som startar litt nedom parkeringa), så sti som gjekk over i sporadisk myrtrakk oppå eidet. Merkinga gjorde at eg likevel fann fram og ikkje fulgte småstiar som tok av og enten kunne være "snarvegar" eller hjortetrakk mot Litlehornet. Stien går over heile eidet til ein ser ned på andre sida, så til høgre mot Litlehornet.
Nede på eidet igjen fulgte eg godt merka og denne gong litt tørrare rås og ur til Storhornet og Skålbotsheia. Valde gå rett ned sida i staden for å gå vidare på ein sti som såg svak ut og gjekk i fleire boger mot Tverrbotshornet. Trur eg sparte eindel tid her. Gjekk oppover sida mot Tverrbotshornet og svinga mot egga der stien >>>
Vanylven: Bjørnen
- Dato:
- 15.09.2017
Etter retur frå Svartetua såg eg att eg hadde meir dagslys tilgode og dessuten hadde været vorte betre. Kjørte difor opp til Øvreberg og tok med Bjørnen som er ein kjapp tur frå det utgangspunktet. Hadde ikkje tid å ta med Ørnetua, så begrensa kva tid eg sparer på denne turen ved seinare høve.
Interessant kor mange fjell i dette området som har dyrenavn forresten. Grei avveksling til alle Sandhorn, Grøthorn, Lisjehorn, Keipar og anna som stadig går at i nærsagt alle Sunnmørsbygder.
Vanylven: Svartetua og Fuglehovudet
- Dato:
- 15.09.2017
Hadde saumfart heile Sunnmøre etter turvær og det var ikkje allverden å finne eigentleg, men det såg noko betre ut i sørvest enn ellers, så om ein fekk minimumsnedbør skulle det ikkje bli så gale. Ei bløyte vart det likevel, men det var også brudd i skydekket som ga nokre solstrålar og utsikt innimellom.
Veldig god sti opp frå Syvdsbotn der løpet Blåfelden Rett Opp går, god merking, men lite rås vidare til Fuglehovudet. Gjekk og lurte på kva navnet kom av, og det fekk eg svar på seinare på dag på veg til Øvreberg der ein tydelig kan sjå fuglehovudet som dermed har fått navnet frå folk i Sørdalen.
Ørsta: Stokkehornet
- Dato:
- 14.09.2017
Meldingane var ikkje gode å tyde til anna enn at det ville være skiftande vær over heile Sunnmøre der tur av litt lengde ville garantere ei bløyte og lite sjanse for sikt i høgda. Då er Stokkehornet i Bondalen ein grei trimtur og attpåtil ein Ørsta pf30-topp å få kryssa av lista. Kvalshagen (Trygve Kvalsund Norhagen) stilte med bil og turlyst og nokre glimt av tindar og fjord fekk vi mellom skyene.