Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (8)
- Trugetur (8)
- Fottur (344)
-
Skitur (111)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Sykkeltur (3)
- Blandet sykling (1)
- Terrengsykling (2)
Favorittopper
Bjøbergdalen med toppar til
- Dato:
- 15.06.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 27,5km
Dagen baud på sommar, sol, varme og fjelltur. Køyrde over Hemsedalsfjellet. Parkerte på ein liten grusplass like før Bjøberg. Tok grusveg forbi hytter, over bru og kom inn på DNT-stien mot Bjordalsbu. Plan var å plukke toppar på nordsida av dalføret, og returnere på stien. Følgde stien før eg skrådde til høgre like før ei hytte inne i dalen. Etter kvart opp ei ur mot eit skar, dreia litt til venstre og til 100 pm. topp, Nord for Hemsedalstjørnan. Like før toppen låg ei svært frodig grøn eng med reinsmose. Utruleg vakkert, og tankar gikk til utryddingsprosjektet av rein. Vidare vest, ned frå toppen låg ei demning og hytte mot Øljusjøen. Vidare opp tok eg med toppen mot dalføre, før eg dreia nordover og plukka dagens fyrste 100 pm. Lærdalstopp, Øljuhalsane. Vidare >>>
....Storehaugen
- Dato:
- 11.06.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 6,4km
Del to av turen der appen stoppa på fyrste del. Del ein gikk frå Habben til Hognåsen, og del to (denne) frå Hognåsen via toppen Storehaugne, og til Lærdal (ved Bergo). Ein topptur i to filer.
Grøtshornet
- Dato:
- 08.06.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 5,6km
Helg med familietreff på Sunnmøre, og mulegheit for topptur. Køyrde frå Sula mot Vatne i Haram kommune. Ravn idrettslag hadde merkt fin rute opp fjellryggen frå nordsida av fjellet, like før Strand. Fin utsikt mykje heile ruta oppover. Etter kvart vidare utsikt til toppar i mange retningar. Flott varde med turbok på toppen. Fin tur :)
Tingstovnosi
- Dato:
- 26.05.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 12,3km
Søndag og mål om Lærdalstopp. Litt spent på snøforhold så tidleg i sommarsesongen. Men ruta mi låg sørvendt, og det har vore lite snø i fjella i år. Ruta eg velde meg går på sti frå demninga til Nivla kraftverk. Staden er nemnd Kollsæte. Ruta er ikkje merkt, og eg gikk den sist for 37 år sidan. Eg hadde sett på stipla sti som ligg på Norgeskart. Den var heilt feil og eg baska meg opp med klyving i ur og ulenda fyrste 20 min, før eg gikk meg på stien. Så når du forlet vegen skal du ta til høgre etter 5 meter, og gå mot nokre store steinar i retning oppover dalen. Då finn du sti frå start. Det er ein bratt men grei sti mot jakthytta Sjåheim. Utfordringa på turen er å passere elvane, særleg Ia. Her var det laga til ei klopp av trestokkar og mose oppå. Det var ganske >>>
Vetanosi
- Dato:
- 28.04.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 12,9km
Denne turen kombinerer utsikt, skikkeleg bratt ein stubbe, og formidabel utsikt undervegs. Start ved Fodnes ferjekai, og slutt ved Hedler bru eller Stødno i Lærdal. Frå Fodnes er det fin sti i furuskog. Trimpost ved St. Olavskjelda ca. 380 moh. Nydeleg utsikt frå Stegen ca. 550 moh. Så ber det vidare opp, og frå der stien dreiar mot Fagerset, held ein fram bratt og rett opp på hjortetrakk, til det flatar ut. Så finn ein sti vidare opp, til det flatar ut ved ca. 1100 moh. Under vegs i dette bratte terrenget, får ein ei nydeleg utsikt når ein kjem over tregrensa. Sognefjorden, Lusterfjorden, og nydelege fjell i alle retningar. Det går sti i jamnt terreng bort mot varden. Men eg dreia litt mot nord, og følgde terrenget mellom haugar, og i retning toppen av fjellet. Vetanosi "sin >>>
Hødntinden
- Dato:
- 15.09.2018
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 9,8km
Fin haustfrisk tur med Lærdal turlag til Valdres-topp. Værmeldinga var ikkje heilt topp i dag, men grei nok for ein lett tur som denne. Vi var 6 turfolk og ein hund, som kosa oss på tur i lag. Det kom ikkje mykje nedbør, men friskt med litt vind og snøflak innimellom. På returen var det varmare, og haustfargane kom betre til syne.
Turar kan bli fine, sjølv om sola ikkje strålar. Det gir variasjon å opphalde seg i haustfjellet med litt nysnø på toppane, når kontrastane i naturen kjem fram, og ein kjenner på elementa.
Vi gikk til toppen, og så nokre hundre meter vidare for fin utsikt ned til gardane øvst i Øye.
Syndarhovd
- Dato:
- 05.06.2018
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 14,6km
Ettermiddagstur inn Volldalen, til stølen Botn. Sauer på beite. Vidare innover fjellet i jamn stigning. Fann noken trakk, og etter kvart ei fin rute til Volldalsnosi. Følgde så høgaste toppane bortover til Syndarhovd. Flott utsikt heile vegen. Gikk ut fjellet Syndarhovd, og ringa tilbake til ruta opp. Eg prøver å gå naturlege drag i fjellet, for å få utsikt, og ei fin rute. Ikkje alltid at kortaste vegen er finast eller mest effektiv. Nydeleg i fjellet i dag :)
Fantastisk flott varde på Syndarhovd. Skulle gjerne vist meir om historia bak alle desse vardane. Nydeleg steinarbeid.
Gravehovdane
- Dato:
- 27.05.2018
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 16,4km
Ein fantastisk tur i Lærdalsfjedli. Starta ved Grimsøyn ca. 350 moh. Sol og varmt, men greitt å gå stigninga opp til Areberg, (ca. 940 moh.) som vesentleg er på sti i tett skog. På Areberg er det ei flott steinbu med oransje mosefarge på. Og utsikta inn mektige Nesdalen er maiestetisk.
Vidare følde eg nokon trakk. Tenkte å gå ganske rett på, og fann eit fint mose- og lyngfar rimeleg rett opp. Gikk på erfaring og innebygd terrengforståing. Sjekka appen innimellom ;)
Mykje bratt oppover. Innom nokre snøbruer frå 1400 moh. Det som overraska mest i dag, er at snøen er borte, og vi skriv 27. mai. Oppå fjellplatået Gravehovdane, som ligg mellom 1500 og 1582, finst ikkje snø. Det er vakkert grønt :).
På toppen vart det noko fotografering. Mest av alt var det berre å sjå, og nyte >>>
Loppenosi
- Dato:
- 08.10.2017
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 20,8km
Denne søndagen vart det ein fin tur i fjellet, med haust og vinter til. Vèret var heilt sol, slik det var meldt.
Parkerte mellom Smedalsvotni på Filefjell. Hadde teke med syklar, og trakka inn fjellheimen på anleggsvegen mot Nyset-Stedje. Ei velsigning å ha slike godt vedlikehaldne anleggsvegar, slik at ein kjem greitt langt inn i den ville fjellheimen.
Vi var spent på føret. Kor langt ned ligg snøen, og kor mykje ligg i vegen. Snøen nådde oss på ca. 1100 moh. Men låg fyrst berre flekkvis i vegen. Sola hadde nok smelta litt snø både i dag og i går. Det vart ein fin sykkeltur innover. Ein kjenner godt stigninga opp frå Sluten.
Vi sette syklane att nokre hundre meter før Øvre Vikadalsvatnet. Fann ei fin led opp på ryggen. Etter 50 høgdemeter byrja vi verkeleg å kjenne på snødjupna. >>>