Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (3)
-
Other winter trip (8)
- Snowshoe trip (8)
-
Ski trip (116)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (73)
-
Trip by foot (407)
- Alpine trip (19)
- Hike (61)
- Hillwalk (246)
- Jogging (51)
Favourite peaks
Makalaus
- Date:
- 29.05.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 7.5km
Makalaus. Eit ord som kanskje ikkje alle kjenner tydinga av. For meg tyder det "Eineståande". Så eit eineståande eller framifrå fjell, om ein vil. Gikk frå vatnet Kvitingen. Det var skilta «Sabotør-ruta» grunna «tungtvann-aksjonen». Nokre av folka som utførde den, rømde til Sverige denne ruta. Grei sti, men behov for rydding her. Eg busha opp til skogstoppen Vest for Makalausfjellet. Nedatt frå denne på sti. Kom ned ved stølsområde Eidvasstølan. Så vidare på skogsveg, og så fin sti til topps. Godt å komme ut av skogen, og flott utsikt frå toppen av Makalausfjellet.
Kinsedalen
- Date:
- 27.05.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 12.6km
Fin tur til to toppar i Luster kommune. Bil på ferje frå Solvorn kl. 12. Nydeleg overfart. Frå Ornes vidare ut på sørsida ca. 6 km, så bratt opp og inn Kinsedalen på grusveg. Det var laga til og skilta "Parkering" like før gards-området. Fin skogsveg knapt 2 km, så på merka sti som går over til Ornes. Kom til Nyestølen, heldt fram på sti så tett inntil fyrste topp som råd. Dette var eit godt val, og eg eg fann trakk og små skorer opp på ryggen. Flott utsikt frå varden på Kupenovi. Såg på høgdekvoter, og kom til at det burde vere mogleg å sleppe meg ned aust om vatnet. Litt bratt eit kort strekk, men ikkje vanskeleg. Hjorten hadde laga veg, og like etter vatnet var det heil sti der eg gikk skrått mot Storaskarnosi. Endra retninga der eg såg det var greitt >>>
Koppefjellet
- Date:
- 22.05.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 10.7km
Valde å byrje på turen frå den store rasteplassen. Tilrettelagt sti over tunell-taket, og vidare bru med dei tre bukkene bruse. Kort sti opp til tangering av bilvegen. I alt vart det 1,6 km kvar veg før eg gikk inn i terrenget til toppen sin turstart. Raud pinne her, og nokre stader opp til egga mot toppen. God sti til samme. Greitt å følgje sti opp egga til topps også, om ein følgde med. Ikkje merka her oppe. Veldig fin tur, og aldeles nydelege fjell å skue augene på i alle retningar. Ja trass overskya, men eg såg ikkje alle toppane ved Hjørundfjorden grunna dagens forhold.
Melshornet - Ørsta
- Date:
- 21.05.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 14.2km
Sol og fint heilt til like før toppen 1. forsøk. Så kom skodda. Valde å gå opp frå andre sida då eg gikk meg på snø på det brattaste. Hadde ikkje med rett utstyr til bratt snø-felt. Fin tur på sti med ein del stein. Då eg kom nedatt ved vatnet, var skodda borte.
Søre Gråbrørne
- Date:
- 10.05.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 10.9km
Fin tur saman med Sander. Sette oss ned å åt nista litt før toppen. Flott utsikt inn Lustrafjorden.
Fjellstjørnryggen
- Date:
- 23.04.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 2.3km
Tur 6 og siste på dag to i Hyllestad. Denne turen var eg litt spent på etter sprake-infernoet til Katlenova i går. Det viste seg at her var det sti, og som eg minnest at Line hadde omtala for ei kort tid tilbake. Men at den var mykje attgrodd. Konsentrerte meg difor grundig i overgangar, for å ikkje misse stien. Lett å halde den for det meste med nokre unntak. Når ein kjem til den bratte fjellryggen, må ein gå til tilbake før ein klyv oppå. Eg fann eit fint opptak. Ser av spor at nokre har gått brattare skårer. Fint oppover ryggen fram til masta. Vidare litt kraftigare skrake-skog (sprake er einer). Artig sak denne toppen, og det gikk mykje betre enn frykta.
Sørbøheia
- Date:
- 23.04.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 2.8km
Parkerte fyrst ved landhandel og gikk opp forbi sjukheimen. Inn i granfelt. Rotete og bratt område, fann ikkje sti og snudde. Her hadde eg vore for kjapp i føre-arbeidet. Men hugsa eit spor, så det ha godt folk her i nyare tid. Køyrte så ut litt lenger utover, og parkerte på ei lomme og følgde merka sti til topps. Fin sti her, og greitt å gå. Granfeltet var veldig bratt, men det var ei brei og god hylle å gå på. Nokre steinete opptak, men sti heile vegen. Kom opp til ei myr litt før toppen, men skimta trakka, og kom greitt over. Varde på toppen, men dårlegare utsikt i dag sidan det var yr i lufta.
Torgeirsletta
- Date:
- 22.04.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 5.7km
Parkerte ved kyrkja på Øn. Her var det skilta rute på oppsida av vegen til m.a. Torgeirsletta. Fin sti, med eit bratt granfelt, før lauvskog og snillare sti etter kvart. Tregrensa ved om lag 310 moh. Om lag 200 meter før toppen var det eit stikryss. Denne turen kunne eg ha gjort kortare ved å køyrt inn eit dalføre mot Indre Sundbotn. Retur på denne ruta gav nok ein betre opplevesle med utsikt mot Lihesten, Åfjorden, til havet med meir. Då eg tok til på denne turen var plan å halde fram utanom sti til Høgeheia. Men eg gløymde nista i bilen, og var i ferd med å gå tom for energi like før toppen. Høgeheia lyt eg gå til frå Indre Sundbotn ei anna gong.
Katlenova
- Date:
- 22.04.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 2.5km
Bilen vart plassert på ein grei stad 50 meter før eg gikk inn i terrenget. Like før svingen, inn på ei markert flat stein-blokk. Dette vart tur heilt utan sti. Bratt og tett. Spennande var det, å prøve å finne ei god rute. Til sist ved toppen var det eit sprake-villniss av høgaste generasjon. Nedatt vart det vanskeleg å treffe samme ruta. Ruta opp var best. Mitt fyrste og siste besøk hit. Men utsikta til Lihesten var fin.
Kolgrovheia
- Date:
- 22.04.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 5.9km
Dette skulle bli den fyrste av i alt 6 turar i Hyllestad over to dagar. Parkerte mot Kolgrov, 200 meter frå hovudvegen. Skogsvegen var under utviding, og noko gjørmete på fyrste del. Vidare fin grøn skogsveg til stien tok til inn i terrenget. Tydeleg sti, og godt merka der det var steingrunn. Ein del sva-parti, på ruta, særleg i øvre del. Terrenget vart brattare då eg nærma meg toppen. Turen var variert og fin, med flott utsikt.
