Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Mannen - Haramsøya

Dato:
02.08.2025
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
13,5km

Kart    

Klausethornet og Digergubben - Midsund

Dato:
31.07.2025
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
6,8km

Kart    

Rødsethornet -Midsund

Dato:
31.07.2025
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
4,8km

Kart    

Leikvoll - Borgund

Dato:
28.07.2025
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
8,3km

Tur utan topp i dag. Prosjekt å fullføre Bakketrimmen til Lærdal turlag. 25 registreringar på 7 turmål. Byrja også på Stølstrimmen, 10 turmål over to år. Besøkte Leikvoll. Gikk med Marita, og det går bra med hennar rehabilitering etter operasjonar i begge kne.

Kart    

Heirsnosi

Dato:
25.07.2025
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
5,6km

Til Heirsnosi studerte eg på val av rute. Hadde tre alternativ. Tenkte litt å utvide ruta på retur frå Eldegardnosi ved å gå over vass-tunellen. Det var trakk opp der. Men eg var usikker på elevane inni botn. Vurdert også å køyre ned forbi brua. Enda med å køyre nedatt ca. 500 meter å gå rett over elva ved flatt parti. Snøra skoa godt ,bretta sokkane over, og kom nesten turrføtt over. Men det heiter vassing. Så vart det å følgje terrenget på ein effektiv måte, som eg valde nord for elvegjelet. Tyngre å gå her, grunna noko lyng og mose. Litt før ryggen vart det lettare. Kuppert mellom avrunda fjell-parti bortetter. Utsikta herifrå vil tru er framifrå i godver. Noko sikt fekk eg, men stortoppane var gløymde i dag. Tok relativt same ruta nedatt. Vart blaut på føtene >>>

Kart    

Eldegardsnosi

Dato:
25.07.2025
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
6,4km

To toppar i Årdal i dag. Tok av frå Tyinvegen ved «400-meteren», svingane opp, og inn Rausdalen. Sistnemnde køyre-del, anleggsvegen, var av den dårlege sorten. Det var sett opp advarande skilt. Køyrde ikkje så langt som råd, eg skulle da ha litt tur. Gikk til Eldegardnosi fyrst. Fyrst på anleggsvegen ca. ein km, så inn i terrenget. Kuppert her, så ein må følgje med. Fann hyller ved eit opptak ved vatn, og gikk innom den austlege «toppen» fyrst. Så var det å snirkle seg mellom svaparti bortetter mot varden på toppen. 50 meter lenger vest får ein fin fjord-utsikt. Litt skydekke i dag, tok bort noko sikt. Berdalseken og Raudbergnuten var slik sett ikkje fri. Nedatt omlag samme rute. Lett tur. Ein bør vel gå turen frå vegen mellom Årdalstangen og Øvre ei gong.

Kart    

Trollsteinkvelven

Dato:
20.07.2025
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
27,8km

Fantastisk - kort oppsummert !!! Å oppleva Trollsteinkvelven, og å gå ein runde på toppane der, har vore planlagt i fleire år. No var dagen komen. Frå bubilen, campa 500 m frå parkeringa kvelden før, bar det av garde kl. 8:38. 1,75 km på grusveg kvar veg vart vald, då det er raskare enn vier-trakking. Inn i terrenget og opp aust for Bergenuss-haugen. Etter haugen, lett og fint å gå innover. Det opna seg meir av kvelven, til lenger inn ein kom. Eit par ved eit oransje telt, vinka i det eg passerte ca. 100 meter i frå. Snart kom eg nærare tindane. Vakker natur, og ei fin læring i det å sjå korleis landskapet blir forma gjennom lange tids-perspektiv. Opp mot skaret gikk eg på ein reinsflokk. Eg lista meg og trekte aust, håpa at eg ikkje skulle skremme dei opp. Dei gikk ganske >>>

Kart    

Gravolskampen

Dato:
19.07.2025
Turtype:
Løpetur
Distanse:
7,1km

Kort restitusjons-tur nær Bitihorn. I dag var vamen trykkande på over 1000 m.o.h. Me parkerte bilen for avslapping, og for min del ein liten tur. Fin utsikt, og lett terreng, der ein også kunne jogge litt innimellom. Mange folk gikk denne turen i dag. Den er sikkert ein mykje nytta tur av hytte-folket på Beitostølen. Kjekt å sjå familiar på tur med born, gjerne tre generasjonar. Nokre born var ivrige med å utforska sti og steinar til å klatre på. Andre fann det tryggast å leie ei vaksen hand.

Kart    

Mugnetinden

Dato:
18.07.2025
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
11,1km

Tur to i dag. Byrja så seint som kl. 18. Det var nokre mørke skyer å sjå. Siste følget kom ned då eg byrja å gå. Det blei ein fin tur, men ei stund vart eg usikker, då det slo ned eit lyn sør-aust for, og under meg. To skrall høyrde eg også, men det kom ikkje regn, så eg heldt fram. Frå toppen såg eg at det var kraftig torever på gang i Vest. Det var sikkert noko perifert av dette, som hadde råka ikkje så langt herifrå. Flott utsiktstopp, og mykje nytta. Valde orginal, og ikkje klyve-ruta sidan eg var ukjend, og eg hadde litt frykt for ei regnskur. Den kom ikkje før om natta, lenge etter turen var fullført.

Kart    

Raudhorn

Dato:
18.07.2025
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,4km

Fredag og finfin liten topptur i Øystre Slidre. Denne som oppvarming til tur seinare på dagen, og ikkje minst den planlagde til søndag. Marita starta litt etter meg, og fullførde også denne turen. Ho er under fysisk rehabilitering. To kne-protese operasjonar siste 12 mnd. set ein tilbake. Overraskande fin utsikt innimellom. Veldig flott stølsområde med godt pleia geiter.

Kart