Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Klantenovi 3/25

Date:
09.03.2025
Characteristic:
Hike
Distance:
4.0km

Tur på sein ettermiddag med hovudlykt.

Map    

Amlaholten

Date:
08.03.2025
Characteristic:
Jogging
Distance:
4.7km

Trimtur til toppunkt i samband med ærend i Sogndal. Fin rundtur dette. Må putle med slike småtoppar i låglandet, når snøen har smelta på fjellet. I dag litt mindre beint på holten, ca 150 meter lenger på tur opp. Så ein liten snarveg som kutta siste vende-svingen på turen nedatt.

Map    

Amlaholten

Date:
02.03.2025
Characteristic:
Jogging
Distance:
4.9km

Fint alternativ til skitur når det er uroleg ver, og ein helst vil ha med eit topp-punkt.

Map    

Klantenovi 2/25

Date:
01.03.2025
Characteristic:
Jogging
Distance:
2.9km

Ny rute til Klantenovi, for min del. Variasjon kan vere greitt. Men denne ruta er ca. 1 km kortare, og med knapt 100 færre høgdemeter. Trur nok det framleis blir mest frå Rimskiold og Husum-sida. Rund-turen via Sverrestien og Vindhellavegen som eg pleier å gå, likar eg nok best.

Map    

Amlaholten

Date:
23.02.2025
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
4.9km

Tur med Sander i dag. Godt og mildt, og snø og is har smelta.

Map    

Ålfjell

Date:
09.11.2024
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
8.1km

Noko usikker på ruteval her. Men tips og zooming på Norgeskart og Peakbook, leda meg på rett veg. Kjekkare å gå i terreng enn å traske på veg i hyttefelt. Ålfjell er utbygd, eller rettare sagt nedbygd. På veg oppover var det eit stikryssa i skogen med merka begge veger. Gikk ei rute opp, og ei anna ned. I ruta opp var det litt trefall, og ein kom ut av skogen øvst i hyttefeltet. Måtte då noko innatt på veg. Ruta nedatt var svært på god sti. Møtte då sambygdingar for andre gong i dag. I skumringa. Artig. Flott utsikt på toppen. No også litt solnedgang-stemning. Alltid vakkert. Nede att ved bilen kl 16:45. Nesten heilt mørkt, men hovudlykta blei i sekken. Godt nøgd med dagen. Tre turar, og tre raude nåler. Berre 130 km køyring tilbake til Lærdal. Med Polestar, godt lydanlegg >>>

Map    

Synet

Date:
09.11.2024
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
5.8km

Ja, det gikk fint å køyre over stølsvidda frå Rennefjellet, og til Vaset. Navigasjon sitt hovudval, var vestover og nedatt i dalen, men lyseblå rute viste veg langs vatnet Søre Syndin. Å køyre her var også ei oppleving. Men berre når du «må». Mykje hytter, og folk med born og engelsk setter langs vegen. Frå Vaset på ny veg mot Gomobu, kr 50. Heile 15 km å køyre til der eg parkerte, 2,5 km frå turmålet. Om ein har kun ein tur/topp på plan, så tilrådast ei lenger tur-rute, t.d. ei eg køyrde forbi, skilta ca. 6 km til målet. Gikk litt utanom og plukka med nokre grøne nåler. Gikk meg på jæger med hagle og hund. Trakk litt unda, men han sa hei, som meg. Gikk meg også på sambygdinger på toppen. Kjekt. Stor utsikt frå denne toppen. Kontrastar med sikt til stortoppar >>>

Map    

Rennefjellet

Date:
09.11.2024
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
6.1km

Stølsvidda og toppar omkring i Vestre Slidre, skulle utforskast i dag. Eg var spent på transport -etappene med bil i mellom. Var det gjennomgåande veg, eller måtte ein nedatt i dalføret ? Tok av like etter Ryfoss, og bomveg kr 140. Stoppa ved tur-skilt som viste Rennefjellet, og gikk fyrst til toppen som dei fleste går til. Den er 3 meter lægre enn høgaste punkt. På sti vidare, til smalare sti tok meg til turmålet. Vakkert landskap, og lett terreng å gå i. Flatt etter min målestokk. Tok ei anna rute tilbake, og difor noko utanom sti. Her oppe kan ein gå til og frå ulike stader. Mange stiar, skilta og merka. Fin tur.

Map    

Klantenovi 12/24

Date:
02.11.2024
Characteristic:
Hike
Distance:
4.0km

Dei fleste bilda eg tek frå Klantenovi, er mot Grindi. Spennande å sjå endringa i årstidene, då eg siste åra, har gått 10-12 gonger til dette turmålet i året. Det har etablert seg som ein vane.

Map    

Storehaugen

Date:
18.10.2024
Characteristic:
Hike
Distance:
13.3km

Mørket kjem tidlegare no. Avspassere to timar, og då vart det topptur på fredag. I dag var også dagen med meldt finaste vèret denne helga. Køyrde til Kaupanger og opp flyplass-vegen til ca. 400 moh. Delvis merka og skilta rute, men ein må følgje litt med på appen til ein er i posisjon oppover fjellryggen. Når ein har komme litt opp og ut på ryggen, får ein ei nydeleg utsikt til fjorden, Kjørnes og Sogndal. Ut til toppen av Storehaugfjellet med mastene er det 6,4 km. No får ein også fin utsikt til Bleia og vidare ut Sognefjorden. På retur tok eg med ca. 70 nye høgdemeter opp til varden på grøn topp som blir kalla "Storehaugen". Her er varde, og svært god utsikt mot m.a. Sogndal. Her er Sjekk-ut på Ut-appen og postkasse. Så er det eit godt stykkje der ein er på >>>

Map