Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (18)
- Ekspedisjon (1)
- Kajakkpadling (12)
- Annen vintertur (125)
- Fottur (2110)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Klatring (5)
- Alpin klatring (1)
-
Skitur (472)
- Fjellskitur (114)
- Langrennstur (6)
- Randonnée/Telemark (348)
-
Sykkeltur (2)
- Blandet sykling (1)
- Terrengsykling (1)
-
Trening (10)
- Tredemølle (4)
Arkiv - Etter geografi
Lister jeg samler etter
- Sogn og Fjordane ≥ 250m pf.
- Sogn og Fjordane ≥ 100m pf.
- Sogndal ≥ 100m pf.
- Hurrungane > 2000 moh pf 30.
- Vanylven ≥ 100m pf.
- Herøy ≥ 100m pf.
- Ålesund ≥ 100m pf.
- Opptur-topper i Sogn og Fjordane
- Opptur Indre Sunnfjord
- Stord ≥ 100m pf.
- Alver ≥ 100m pf.
- Masfjorden ≥ 100m pf.
- Vestland kommunetopper
- Osterøy ≥ 100m pf.
- Averøy ≥ 100m pf.
- Møre og Romsdal ≥ 500m pf.
- Volda ≥ 100m pf.
- Jotunheimen ≥ 100m pf.
- Sør-Norge ≥ 500m pf
- Lindås ≥ 100m pf.
Salknappen frå Vermedalen
- Dato:
- 25.07.2015
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 21,5km
Parkerte ved Havrehola, der det er merka sti til Vermetinden. Lengre inn er det vel også forbudt å køyre. Vi følgde vei inn til Langvassbua og vidare sti langs etter Langvatnet til ei privat hytte. Tok av herifrå og følgde ryggen rett opp til Søre Salhøa, tid til matpause med Geir Arne Kjeks og eit fint skue til alle stortoppane i Romsdalen...litt av eit område! Vidare er det berre eit kort stykke opp den siste ryggen til hovedtoppen. Mykje snø ligg endå i fjella og sjeldan at vatna framleis er islagde. Salknappen synest eg er den finaste toppen i dette området og ekstra kjekt var det å ha med lokal kjennar med førstekunnskap og historier om fjelltoppane rundt.
Turfølge Stein
Dønttinden og Sæterhøa
- Dato:
- 24.07.2015
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 21,4km
Ein fin rundtur frå Storhaugan, der eg kryssa elva over brua ved Værmedalssætran. Fint å følge ryggen på Veslfjellet med fine svaberg å gå til Sæterhøa. Gjekk ned til Tverråbotnet og runda vatnet 1210 og vidare opp den breie fine ryggen til Dønttinden, ein del snøfonner låg att her. Ei kraftig snøbyge fekk eg med på toppen men sol og sommer var tilbake lengre nede i lia. Følgde Tverråa ned og vassa over elva som heldigvis ikkje var så flaumstor. Fint å russle tilbake vegen gjennom Vermedalen. Fin og stille åleinetur i ein nydeleg dal med nydelege toppar som Salknappen, Dønttinden og Vermetinden. Utsikta frå desse toppane over mektige Romsdalsfjell kan ein heller ikkje klage på :)
Mefjellet opp
- Dato:
- 19.07.2015
- Turtype:
- Løpetur
- Distanse:
- 14,0km
Første løp i år... og alltid kjekt med nye fjell. Har vore litt usikker på løpsform, med mange og lange forkjølingar i vår og vinter. Men har funnet årsak på at det er allergi og sannsynleg astma, bagateller allikevel i den store sammenheng!! Kjekt var det i alle fall med eit nytt fjellløp med utsikt til mange nye flotte toppar å bestige :) Ikkje minst flott å sjå Johan Bugge knuse sin eigen løpsrekord på sleipt underlag på 42.57...litt av ein kapasitet! http://www.mefjelletopp.no/
Kvitfjellet og Skåla i Rauma
- Dato:
- 18.07.2015
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 12,6km
Fin runde på to flotte toppar med noko regn attåt...og ein ny vannskada tlf.....lærer aldri!!
Begge toppane er nymerka med fine stiar, borsett frå distansen mellom toppane! Der rota eg meg inn i store vaser med rotvelter i hogstfeltet, noko nøysommeleg tid gjekk det der i silregnet. Nok ein gong stryk på allværsjakke og merketest.... Skåla var ein spesiellt fin topp med litt bratt klippeformasjon mot havet
Breitinden - Rauma
- Dato:
- 20.06.2015
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 4:30t
- Distanse:
- 13,2km
Ein nydeleg dag med perfekt skiføre og temperatur...Utruleg heldig med veret der skodda dreiv trollsk over dei mektige Romsdalstindane.
Aure: Storøret
- Dato:
- 25.05.2015
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:20t
- Distanse:
- 7,3km
Ein superfin turdag i eit nydeleg område, synd at skodda låg tjukk rundt varden for utsikta sin del. Men så var det jo berre ein liten smakebit på fleire turar i dette området. Spesielt med dei flate øyane og dei ganske så store og flotte fjella.