Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Dønttinden og Sæterhøa

Date:
24.07.2015
Characteristic:
Hike
Distance:
21.4km

Ein fin rundtur frå Storhaugan, der eg kryssa elva over brua ved Værmedalssætran. Fint å følge ryggen på Veslfjellet med fine svaberg å gå til Sæterhøa. Gjekk ned til Tverråbotnet og runda vatnet 1210 og vidare opp den breie fine ryggen til Dønttinden, ein del snøfonner låg att her. Ei kraftig snøbyge fekk eg med på toppen men sol og sommer var tilbake lengre nede i lia. Følgde Tverråa ned og vassa over elva som heldigvis ikkje var så flaumstor. Fint å russle tilbake vegen gjennom Vermedalen. Fin og stille åleinetur i ein nydeleg dal med nydelege toppar som Salknappen, Dønttinden og Vermetinden. Utsikta frå desse toppane over mektige Romsdalsfjell kan ein heller ikkje klage på :)

Map     3 comments

Alterhøa via Bjørnelega

Date:
23.07.2015
Characteristic:
Hike
Distance:
11.1km

Map    

Mefjellet opp

Date:
19.07.2015
Characteristic:
Jogging
Distance:
14.0km

Første løp i år... og alltid kjekt med nye fjell. Har vore litt usikker på løpsform, med mange og lange forkjølingar i vår og vinter. Men har funnet årsak på at det er allergi og sannsynleg astma, bagateller allikevel i den store sammenheng!! Kjekt var det i alle fall med eit nytt fjellløp med utsikt til mange nye flotte toppar å bestige :) Ikkje minst flott å sjå Johan Bugge knuse sin eigen løpsrekord på sleipt underlag på 42.57...litt av ein kapasitet! http://www.mefjelletopp.no/

Map    

Kvitfjellet og Skåla i Rauma

Date:
18.07.2015
Characteristic:
Hike
Distance:
12.6km

Fin runde på to flotte toppar med noko regn attåt...og ein ny vannskada tlf.....lærer aldri!! Begge toppane er nymerka med fine stiar, borsett frå distansen mellom toppane! Der rota eg meg inn i store vaser med rotvelter i hogstfeltet, noko nøysommeleg tid gjekk det der i silregnet. Nok ein gong stryk på allværsjakke og merketest.... Skåla var ein spesiellt fin topp med litt bratt klippeformasjon mot havet

Map    

Breitinden - Rauma

Date:
20.06.2015
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
4:30h
Distance:
13.2km

Ein nydeleg dag med perfekt skiføre og temperatur...Utruleg heldig med veret der skodda dreiv trollsk over dei mektige Romsdalstindane.

Map     5 comments

Øyenibba

Date:
15.06.2015
Characteristic:
Hike
Distance:
7.7km
Map    

Aure: Storøret

Date:
25.05.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:20h
Distance:
7.3km

Ein superfin turdag i eit nydeleg område, synd at skodda låg tjukk rundt varden for utsikta sin del. Men så var det jo berre ein liten smakebit på fleire turar i dette området. Spesielt med dei flate øyane og dei ganske så store og flotte fjella.

Map    

Moanebba

Date:
24.05.2015
Characteristic:
Hike
Distance:
4.2km

Passeleg fin liten topp til fots med flott utsikt, berre små snøfonner att på toppen!

Map    

Nesaksla

Date:
24.05.2015
Characteristic:
Hike
Distance:
6.2km

Rask tur opp og fint avbrekk på veg mot Aure. Skodde og litt vind på toppen...

Map     3 comments

Fjella for seg sjølv...Litle og Storebøra ++

Date:
01.05.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
3:54h
Distance:
14.3km

Starta frå Jølster ca kl 09.00 og kom til Fiskå rundt 12.30 Eg bestemte meg for å gå på Tunheimshornet først, sidan det var så lågt skydekke og nokre skaplige Nordvestbyger. Håpte på at det gode været som var meldt, skulle slå til på Storebøra turen. Køyrde opp Gamlevegen frå Fiskå mot Rusta og til bommen. Eg valgte å parkere der sidan eg er ein "gneten" Sunnfjording og glad i høgdemeter! Det var ikkje så aller verst valg for opp heile skogsbilvegen la eg ekstra merke til alle dei artige skilta svingane hadde å by på med mykje meir....Hadde med truger for det såg ut til att det låg ein del snø øverst i høgda. Litt opp om støylane rakk eg i snøen, men den var så pass fast at det gjekk fint å fortsette vidare til fots. Det gode været som skulle lure >>>

Map