Etter mi meining er Molden i Luster ei perle får toppar kan måle seg med! Utsikta på toppen over den turkisblå Lusterfjorden er éin ting, men turen opp frå Krossen er berre ein så vakker tur! Ein går fyrst gjennom lauvskog og litt på grusveg, før ein slyngar seg oppover i terrenget igjen. Utsikta kjem etter kvart, og ved den gamle stølen Svarthiller er det heilt naturleg - og spør du meg, obligatorisk! - å ta ein pause og berre ta inn det vakre. Turen vidare oppover er heller ikkje spesielt tung, sjølv om det sjølvsagt er motbakke. Stien er god å gå på, så berre nyt det!
Hald til høgre i eit umerka stiskilje når du nærmar deg toppen slik at du kan gå ut mot kanten ned mot Lusterfjorden og verkeleg ta inn utsikta.
Det finaste utsiktspunktet i heile Luster, står det på UT. Og det kan ikkje vere langt frå sanninga. Her skal eg så definitivt tilbake ein gong! Heldige dei som har ein slik plass like utanfor døra si!
Kommentarer