Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (34)
-
Skitur (8)
- Fjellskitur (3)
- Randonnée/Telemark (5)
"Peakbookvenner"
Lammanuten
- Dato:
- 11.05.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:26t
- Distanse:
- 11,2km
Kommunetoppane i Haugesund, Karmøy, Tysvær og Bokn.
Del 1: Klauv
Del 2: Dyrafjellet
Del 3: Lammanuten
Del 4: Boknafjellet
Etter ei kort ispause på Aksdal fortsatte turen mot Lammanuten, Tyssvær sin høgste topp.
Ved turstart var det tilrettelagt parkering.
Fyrste halvannen kilometeren gjekk på grusveg. Sola steikte no godt, og allerede i ein av dei fyrste bakkane møtte vi dagens fyrste av mange stålormar. Ormen, eller øgla som den egentleg er, låg på grusvegen og pilte ut i grøfta i det vi kom gåande.
Etter grusvegen gjekk det sti opp skogen til vi kom til eit myrparti. Her var det godt tilrettelagt med kloppar som gjorde turen over myrane meget effektiv og behagelig.
Etter myrpartia tok stigninga mot toppen til igjen. Her møtte vi fleire stålormar. Ei stund rasla det omtrent i kvar busk vi gjekk forbi. Total såg vi 4 stålormar. >>>
Dyrafjellet
- Dato:
- 11.05.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 0:40t
- Distanse:
- 2,0km
Kommunetoppane i Haugesund, Karmøy, Tysvær og Bokn.
Del 1: Klauv
Del 2: Dyrafjellet
Del 3: Lammanuten
Del 4: Boknafjellet
Etter turen til Kleiv køyrde vi vidare mot Dyrafjellet. Toppen ligg ikkje ute på Karmøya, men er det høgste punktet i Karmøy kommune.
Vi parkerte i ein lomme på E134 ved Toskatjørn. Herifrå var det skilta mot toppen.
Stien starta vått over ei myr, men tørka opp etter at myrpartiet var passert. Vi bruka ca. 20 minutt til toppen.
På toppen var det eit triogonometrisk punkt, og vi kunne sjå ned til Toskatjørnet.
Etter returen køyrde vi til Aksdal og kjøpte oss kvar vår is, før vi satt kursen mot Lammanuten.
Klauv
- Dato:
- 11.05.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 0:47t
- Distanse:
- 2,5km
Kommunetoppane i Haugesund, Karmøy, Tysvær og Bokn.
Del 1: Klauv
Del 2: Dyrafjellet
Del 3: Lammanuten
Del 4: Boknafjellet
Tur til Haugalandet for å samle kommunetoppar.
Fyrste stopp var kommunetoppen i Haugesund, Klauv.
Vi følgde turbeskrivelsen frå UT, og parkerte i krysset mot vannverket. Frå her fant vi stien til toppen på nordsida av hovudvegen.
Turen til toppen gjekk på tydeleg sti og tok litt over 20 minutt.
På toppen var det ein liten varde med ei postkasse og eit norsk flagg.
Haugesund låg skjult bak ein fjellås, men vi kunne sjå havet i vest.
Vel tilbake ved bilen køyrde vi vidare mot kommunetoppen i Karmøy, Dyrafjellet.
Sollia
- Dato:
- 27.03.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:15t
- Distanse:
- 11,0km
Kommunetoppen i Herøy og Sande.
En liten tur ut på Gurskøya for å besøke dei to kommunetoppane som ligg her.
Turen starta frå Moltudalen langs grusveg inn til Mørkevatnet. Herifra gikk det sti vidare mot Sollia.
På toppen hadde det lagt seg eit lite lag med snøv. Det var knappe 100 meter mellom dei to toppunkta.
Frå toppen hadde vi blant anna utsikt bort til toppane i Molladalen.
Returen la vi rundt vestsida av Mørkevatnet, over Litledalshornet.
Malmangernuten
- Dato:
- 08.10.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:34t
- Distanse:
- 8,0km
Hausttur i Rosendalsalpane.
Del 1: Melderskin
Del 2: Malmangernuten
Etter å ha vert på Melderskin fann eg ut at vêret var for fint til å berre køyre tilbake til Bergen att. Valde derfor å ta ein tur opp om Malmangernuten.
Herifra var det flott utsikt tilbake mot Melderskin, og utover fjorden.
Tok også ein tur fram ryggen der ein kunne sjå ned til Rosendal og Baroniet.
Melderskin
- Dato:
- 08.10.2023
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 4:50t
- Distanse:
- 10,4km
Hausttur i Rosendalsalpane.
Del 1: Melderskin
Del 2: Malmangernuten
Hadde egentlig planlagt en travers over Gygrastolen før vinteren slo inn, men sidan ingen turkameratar hadde høve til å være med denne dagen måtte eg leite etter alternativ. Med strålande vêrmeldingar fall valget på Melderskin.
Køyrde tidleg frå Bergen for å rekke 07:45 ferja frå Gjermundshamn. Trollsk stemning gjennom Fusa i det natta gjekk over til tussmørke og vidare over til dag.
Starta turen frå Kletta ovanfor Rosendal. Første par hundre meterane gjekk på grusveg, før turen gjekk bratt oppover skogen mot Melderskin. I det eg bikka kanten kom sola til syne, og eg fekk flott utsikt utover Rosendal og mot Ulvanosi.
Vidare fulgte eg den raudmerka stien til foten av fortoppen til Melderskin. Herifra gjekk eg opp på fortoppen, og fulge >>>
Punkt på Årsdalsryggen
- Dato:
- 01.10.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 7:40t
- Distanse:
- 21,9km
Kommunetoppen i Masfjorden.
Tur til Masfjorden sitt høgste punkt i nydelige haustfargar.
Turen starta frå Stordalen fjellstove kor vi følgde merka DNT sti mot Fjellvassbu og vidare mot Vardadalsbu.
Det hadde regna natta i forvegen så det skulle vise seg litt utfordrande å komme seg over bekkane vi måtte passere langs Bukkedalsvatnet. Med litt flaks og bruk av balansekunster klarte vi å komme oss nokolunde tørrskodd over dei alle.
Vidare opp mot Gygrebotnen begynte virkelig haustfargane å vise seg fram. Flott terreng å bevege seg igjennom i den friske fjellufta.
Frå Gygrabotnen venta ei stigning opp mot Fjellvassbu. Vi kunne no sjå Årsdalsryggen på andre sida av fjellplatået som vi skulle passere.
På Fjellvassbu kunne det meldast om god fyr i peisen. Det såg rett og slett koselig >>>
Skjerjavasshovden
- Dato:
- 17.09.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 4:07t
- Distanse:
- 10,6km
Kommunetoppen i Vaksdal.
Tur til Skjerjavasshovden i nydelig haustvêr saman med Tonje.
Vi køyrde mot Gullbrå øverst i Eksingedalen, og følgde Holskarvegen fra Søtskarsbrekke.
Her var det skilta om fare for kø grunna sauesanking.
Vi parkerte langs vegen etter vi hadde passert et område der det var skilta om rasfare.
Herifrå satt vi kursen mot Heimste Belaskaret. Terrenget vart meir lettgått etterkvart som myr vart gradvis erstatta med sva og fjellterreng.
Etter nedstigninga fra skaret kunne vi hoppe tørrskodd fra stein til stein over det smalaste partiet på Lonevågen. Etter en bratt bakke som førte oss opp på en rygg, fortsatte ryggen i jevn stigning til vi stod på toppen av Skjærjavasshovden.
Varden på toppen var solid, og utsikta var vid.
Vi nytte kvar vår kopp kaffi og litt kvikk >>>
Sørdalsnuten
- Dato:
- 09.09.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 7:05t
- Distanse:
- 21,8km
Kommunetoppen i Alver.
Ettermiddagstur i Stølsheimen til Alver sitt høgste punkt.
Starta frå Dyrkolbotnen og fulgte råsa mot Skavlabu.
Litt før Heimsta Sørdalsvatnet tok vi av frå råsa og fulgte ryggen opp til Instebotnsknolten.
Vidare frå Instebotnsknolten gikk vi mot sør-aust og kom inn att på råsa til Sørdalsnuten ovanfor Djupavatnet. Frå Sørdalsnuten hadde vi utsikt ned mot Romarheimsfjorden og over til Osterøy.
Retur via råsa til krysset ved Heimsta Sørdalsvatnet og tilbake til Dyrkolbotnen.
Takk for turen!
Tverrådalskyrkja
- Dato:
- 02.09.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 9:49t
- Distanse:
- 24,1km
Familietur i Breheimen
Vi hadde lenge snakka om en familietur til Tverrådalskyrkja. Denne helga var det meldt bra vêr, så eg tok turen heim i frå Bergen fredagen. Laurdag morgon var vi klar for tur over Strynefjellet. Med på turen var mor, far, Silje, Britt og Hedda.
Ankomst Sota Sæter rundt halv 10, litt seinare enn kva eg foretrekk, men det fekk stå til.
Det gikk radig opp skogen bak Sota frem til Steindalen kor vi tok vår fyrste rastepause.
Steindalen starta med lettgått terreng på berg og stabile steinar. Etterkvart som vi passerte Styggvatnet og nærma oss Fortundalsbreen vart steinane meir ustabilie og vi måtte være litt meir forsiktige med kor vi satt føta.
Fortundalsbreen var avsmelta og vi kunne ikkje sjå sprekker anna enn i midtpartiet kor det rann ei breelv. Vi vurderte >>>