Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Toåsen

Date:
25.07.2025
Characteristic:
Walk
Duration:
0:37h
Distance:
2.8km

Toppen av Nesodden På vei til hytta på Hvaler tok vi en kjapp tur til Nesodden sin kommunetopp, Toåsen. Parkerte bilen på ein innfartsparking, og gikk rett inn i skogen her ifra. Skogen var full av stiar, så her var det berre å velge en sti i riktig retning. Holdt først litt sørlig retning for å runde ei myr som låg mellom oss og toppen, før vi peila oss inn rett mot toppen. På toppen sto det ein antenneinstallasjon. Ellers var det lite utsikt, da det var skog i alle rettninar. Tilbake på parkeringsplassen etter ca. 40 minutt, med en enkel kommunetopp i boks.

Map    

Slettmarkspiggen

Date:
18.07.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:28h
Distance:
24.7km

Årets avstikkar frå Vinjerock Med lettare oppakning og betydelig betre dagsform enn under fjorårets Vinjerock tur ( Mjølkedalspiggen ), gjekk turen i år saman med Magnar til Slettmarkpiggen via Slettmarkkampen. Med godt over 20 grader og steikande sol la vi i veg i god driv mot Høystakkane. Som mange andre toppar i området var det ein god anmarsj inn til denne toppen også, men i veldig lettgått terreng. Ved brua over Høystakka vart det påfylling av vatn. Vatnet i elva var nesten lunka, og vi vart litt skuffa etter å ha gleda oss til friskt kaldt fjellvatn. Heldigvis var det mange muligheta for påfylling av kaldt vatn vidare på turen. I stikrysset ved Uksedalen tok vi av mot Torfinnsbu, og følgde stien ca. 1,5 km før vi kryssa elva. Vi klarte å krysse elva nogelunde tørrskodd, takka vere gore-tex.

Map    

Gjegnen

Date:
24.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
12:55h
Distance:
28.4km

Dagen starta med tidlig avreise frå Honndalen for å rekke 06:45 ferga frå Stårheim til Isane. Eg, Tonje, mor og far hadde planlagt å bestige Gjegnen. Eg hadde vert der saman med mor og far ein gong før på to dagers tur saman med turlaget. Då var eg 10 år. Planen denne gongen var å ta det som ein lang dagstur. Planlegginga av turen starta kvelden i forvegen ved at far min ringte ein kjenning som hadde nøkkel til bommen i Yksneelvane, og som kunne køyre oss opp dit stien startar ovanfor Nevreskorsvatnet. Returen måtte vi stå for sjølve ved bruk av føttene. Dette sparte oss for 400 høgdemeter, og korta ned turen med 5.5km, noko som gjorde turen overkommelig på ein dag. Ti på åtte takka vi for skyssen, og la i veg oppover mot Minivatnet (Kringsjåvatnet). Stien startar bratt opp >>>

Map    

Mjølkedalspiggen

Date:
19.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
9:11h
Distance:
24.2km

Avstikkar frå Vinjerock Etter første kvelden på Vinjerock la eg og Magnar ut på tur for å bestige Mjølkedalspiggen, og muligens Sagi. Vi pakka med tau og sikringsutstyr i tilfelle vi skulle nå heilt fram til Sagi, so sekkane vart nokså tunge. Formen var også redusert etter lystig lag kvelden i forvegen. Vêret kunne vi dog ikkje klage på. Det var fantastisk (heile helga!)! Etter eit par spy-pauser langs austsida av Store Mjølkedalsvatnet nådde vi Mjølkedalsbreen og stigninga opp mot piggen. Formen var fortsatt laber etter gårsdagen, og vi var i ferd med å gje opp heile turen. Vi tok ei god pause, og kokte opp litt turmat før vi kvilte middag på svaberga. Sola varma godt, og elva som bruste på sida gjorde det lett å duppa av. Etter en times pause såg vi plutselig en gjeng som >>>

Map    

Kvannfjølli

Date:
12.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:29h
Distance:
23.3km

Kommunetoppsamling i Austheiane Del 1: Sæbyggjenuten Del 2: Kvannfjølli Etter ei god natts søvn på Berdalsbu fortsatte turen mot Tjørnbrotbu og Kvannfjølli. Etappen til Tjørnbrottbu starta med ei kort oppstigning gjennom bjørkeskog og vidare på godt merka sti gjennom lettgått høgfjells terreng. På Tjørnbrotbu parkerte vi overnattingsutstyr og fortsatte mot Kvannfjølli. Først ca. 4km på merkt sti austover, før vi tok av sørover og starta oppstigninga mot toppen. Frå toppen var det utsikt mot Hardangervidda og Hårteigen i nord. Vi kunne også sjå Hardangerjøkulen i det fjerne. I austleg retning kunne vi sjå mot Gaustadtoppen. Etter eit måltid real turmat returnerte vi til Tjørnbrottbu. Her var det meir folksomt enn dagen før på Berdalsbu. Det var 6 andre gjester på Hovedhytta, og 3 stykker på sikkringshytta.

Map    

Sæbyggjenuten

Date:
11.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:31h
Distance:
22.6km

Kommunetoppsamling i Austheiane Del 1: Sæbyggjenuten Del 2: Kvannfjølli To dagers tur med overnatting på DNT hytter. Første dag gikk turen til Sæbyggjenuten med start frå Berdal. Sekkane blei letta ved Berdalsbu, før vi vandra vidare opp Slækjeskardet. Vi fann trakk her og der vidare mot Ytre Gjuvvatnet, men måtte stort sett stake ut kursen sjølve. Elva mellom Ytre Gjuvvatnet og Midtre Gjuvvatnet måtte vadast til knehøgde. Sokkar og sålar vart lagde i sekken før vi vadde elva med sko på. Bedre med litt våte sko, enn ein skadd fot. Etter passering av elva starta stigninga mot toppen. Utsikta opna seg stadig utover meir terreng. Vi nådde toppen etter rett under 5 timar på tur. Med skodde som kom sigande frå aust var det litt kaldt og surt her oppe, men vi unte oss likevel ei god pause med real turmat og ein >>>

Map    

Napuren

Date:
09.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:59h
Distance:
8.5km

Kommunetoppen i Fyresdal. Sommerferien er i gong, og med utgangspunkt ifrå hytta på Hovden blei Napuren feriens første bestigning. Vi parkerte bilen langs Borsævegen, og fulgte sti opp Kuskardet. Vidare gikk stien langs to vatn, før den skråa opp til toppen. Vid utsikt ifrå toppen, perfekt start på ferien!

Map    

Gygrastolen

Date:
24.06.2024
Characteristic:
Alpine trip
Duration:
7:57h
Distance:
14.5km

After-lunch tur til Rosendalsalpane. Stakk frå jobb til lunch, plukka opp Tonje og køyrde mot Rosendalsalpane for å utnytte godvêret. Planen var å gå traversen over Gygrastolen. Vi hadde pakka med oss litt klatreutstyr for å kunne øve på taulagsrutiner over dette ranglepartiet. Det vart sein avmars frå Ænes, ca 15:30. Godt å kunne utnytte den lysaste årstida. Traversen gikk vi frå aust mot vest. Ranglinga var enkel, men det var betryggande å være innbunden i tau. Satt to taulengder opp til 1347 toppen, og gikk på løpande vidare over traversen mot aust. På vei nedatt stakk vi oppom Skrunten. Tilbake ved bilen klokka halv 12, fortsatt lyst. Takk for turen!

Map    

Boknafjellet

Date:
11.05.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
0:49h
Distance:
2.9km

Kommunetoppane i Haugesund, Karmøy, Tysvær og Bokn. Del 1: Klauv Del 2: Dyrafjellet Del 3: Lammanuten Del 4: Boknafjellet Dagens siste stopp var Boknafjellet. Ved denne toppen var det også tilrettelagt med parkering. Heile turen gjekk på grusveg som var sperra med bom ved foten av fjellet. På veg opp møtte vi mange sauer, og det største blikkfanget var prosessanlegget på Kårstø. Turen opp tok omlag 20 minutt. På toppen blei vi møtt av den store radio antenna som ein kan sjå når ein køyrer forbi fjellet på E39, og ein varde som markerte toppunktet. Gjennom havdisen kunne vi sjå over til Karmøy med havet i bakgrunnen. Hadde det vert litt bedre sikt kunne vi nok også sett til Stavanger i den andre retninga. Etter retur til bilen kunne vi vende snuta tilbake mot Bergen, med heile fire nye kommunetoppar kryssa av på lista. >>>

Map    

Lammanuten

Date:
11.05.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:26h
Distance:
11.2km

Kommunetoppane i Haugesund, Karmøy, Tysvær og Bokn. Del 1: Klauv Del 2: Dyrafjellet Del 3: Lammanuten Del 4: Boknafjellet Etter ei kort ispause på Aksdal fortsatte turen mot Lammanuten, Tyssvær sin høgste topp. Ved turstart var det tilrettelagt parkering. Fyrste halvannen kilometeren gjekk på grusveg. Sola steikte no godt, og allerede i ein av dei fyrste bakkane møtte vi dagens fyrste av mange stålormar. Ormen, eller øgla som den egentleg er, låg på grusvegen og pilte ut i grøfta i det vi kom gåande. Etter grusvegen gjekk det sti opp skogen til vi kom til eit myrparti. Her var det godt tilrettelagt med kloppar som gjorde turen over myrane meget effektiv og behagelig. Etter myrpartia tok stigninga mot toppen til igjen. Her møtte vi fleire stålormar. Ei stund rasla det omtrent i kvar busk vi gjekk forbi. Total såg vi 4 stålormar. >>>

Map