Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Castle Rock

Datum:
14.07.2014
Tourcharakter:
Klettern

Ein topp er ein topp er ein topp. Sjølv om den er ein stor pinakkel nede i ein dal. Og når dette i tillegg vert min høgste klatretopp gjer det strengt tatt ingen ting at parkeringsplassen ligg 60 meter under toppunktet, med hovedvegen like ved. Men i alle fall. Castle Rock er av dei siste klatreområda ein køyrer forbi på I119 frå Boulder til Nederland. Det er også eit klassisk crag i Boulder si klatrehistorie. Ein gong var verdas hardaste tradrute etablert på Castle Rock. Vi var ikkje på Castle Rock fordi vi skulle etablere verdas hardaste trad-rute. Vi var der fordi den alpine starten vår på ei mykje lenger rute på eit anna crag hadde blitt forpurra då vi ved innsteget oppdaga at turledar (meg) hadde gløymt vatnet på motellet. Vi henta vatnet og stakk til Castle Rock for å få >>>

Karte    

Trad-o-rama i The Gunks

Datum:
20.06.2014
Tourcharakter:
Klettern

Gunks er jo innmari artig. Denne helga fikk vi besøk av Tore og Signe, og snakka dei inn i klatring på denne trad-fornøyelsesparken. Tre dagar med stas og kos i veggen! Sist vi var her så var eg ny for trad-kunsten, så då holdt vi oss på 5.2-3 talet. Denne gongen susa vi opp den eine 5.7en etter den andre. Det er framleis meir å gå på, for alt gikk på første forsøk, men det første ledfallet er framleis noko eg ser fram til med noko uro. Denne helga holdt vi oss innafor, og alle fire var i den skarpe enden av tauet ila. helga. Signe kjøpte seg endatil sitt eige trad-rack og har tenkt å herje dei sørlandske hammarane i åra framover. Tick liste: Horseman 5.5 Rhododendron 5.6 Nice crack climb 5.7 Katzenjammer 5.7 Laurel 5.7 Handy Andy 5.7R Ken's Crack 5.7+

Karte    

School of trad 2: Pawtuckaway State Park

Datum:
11.05.2014
Tourcharakter:
Klettern
Karte    

School of trad i The Gunks

Datum:
19.04.2014
Tourcharakter:
Klettern

Finvær, langhelg, nytt trad-rack = The Gunks! Køyrde frå Boston til New Paltz laurdag. Fin liten universitetsby, "alternativ" for den som likar slikt (og det gjer jo ein!), besøkte den meget velutstyrte butikken Rock&Snow, og så drog vi rett til klippene The Traps på Shawangunks 10 min utanfor byen. Deilig temperatur, avslappa stemning, mykje folk, flotte ruter. Vi er relativt nye i trad-kunsten, så vi holdt marginane gode (5.2/3), men det var for det meste gode sikringar, og også enkle ruter baud på veldig artig klatring. Siste dagen slo vi til med litt buldring, men etter å ha karra meg opp ein V2 med nød og neppe konkluderte eg med at kroppen hadde fått nok av klatring. Men NESTE gong ... !

Karte    

Auburn Ice Canyon

Datum:
09.03.2014
Tourcharakter:
Eisklettern
Karte    

Auburn Ice Canyon

Datum:
01.03.2014
Tourcharakter:
Eisklettern
Karte    

Frankenstein

Datum:
23.02.2014
Tourcharakter:
Eisklettern

Led på linje i Lost in the Forest (3), og førstelengde av Standard Route (litt for seint på dag til å gjere heile, så stoppa i hula, 3). Fantastisk fin dag, og Frankenstein er virkelig fornøyelsespark for isklatring! Norge har 1000 gonger fleire fjell enn New Hampshire. New Hampsire har tusen gonger fleire klatreruter enn Norge. Det er berre å gå på oppdagelsesferd i gamlelandet!

Karte    

Humphreys Ledge

Datum:
22.02.2014
Tourcharakter:
Eisklettern
Karte    

Auburn Ice Canyon

Datum:
17.02.2014
Tourcharakter:
Eisklettern

Feira presidents day med oppdagelsestur til nabolagscragget, berre 15min køyring frå jobben. Rota meg vekk i skogen før eg fann det, men då eg endelig fann det var alt gløymt. Fint lite crag med gode forhold og to taulag på plass. Hadde med nyinnkjøpt clogging-utstyr, men det slapp eg å bruke då det eine taulaget lot meg hoppe inn på topptauinga deira. Stas for isdesperate normenn i Boston.

Karte    

Mount Washington Valley Ice Fest

Datum:
01.02.2014
Tourcharakter:
Eisklettern