Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (168)
- Alpine climbing (27)
- Bouldering (25)
- Ice climbing (45)
- Mixed climbing (7)
- Sport climbing (8)
-
Drive (4)
- Car drive (4)
-
Other trip (6)
- Expedition (2)
- Fishing (1)
- Other winter trip (1)
-
Ski trip (71)
- Backcountry skiing (19)
- Cross-country skiing (2)
- Randonnée/Telemark (37)
-
Trip by foot (211)
- Alpine trip (6)
- Hike (20)
- Hillwalk (47)
- Jogging (107)
- Walk (22)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Castle Rock
- Date:
- 14.07.2014
- Characteristic:
- Climbing
Ein topp er ein topp er ein topp. Sjølv om den er ein stor pinakkel nede i ein dal. Og når dette i tillegg vert min høgste klatretopp gjer det strengt tatt ingen ting at parkeringsplassen ligg 60 meter under toppunktet, med hovedvegen like ved. Men i alle fall. Castle Rock er av dei siste klatreområda ein køyrer forbi på I119 frå Boulder til Nederland. Det er også eit klassisk crag i Boulder si klatrehistorie. Ein gong var verdas hardaste tradrute etablert på Castle Rock. Vi var ikkje på Castle Rock fordi vi skulle etablere verdas hardaste trad-rute. Vi var der fordi den alpine starten vår på ei mykje lenger rute på eit anna crag hadde blitt forpurra då vi ved innsteget oppdaga at turledar (meg) hadde gløymt vatnet på motellet. Vi henta vatnet og stakk til Castle Rock for å få >>>
Trad-o-rama i The Gunks
- Date:
- 20.06.2014
- Characteristic:
- Climbing
Gunks er jo innmari artig. Denne helga fikk vi besøk av Tore og Signe, og snakka dei inn i klatring på denne trad-fornøyelsesparken. Tre dagar med stas og kos i veggen!
Sist vi var her så var eg ny for trad-kunsten, så då holdt vi oss på 5.2-3 talet. Denne gongen susa vi opp den eine 5.7en etter den andre.
Det er framleis meir å gå på, for alt gikk på første forsøk, men det første ledfallet er framleis noko eg ser fram til med noko uro.
Denne helga holdt vi oss innafor, og alle fire var i den skarpe enden av tauet ila. helga. Signe kjøpte seg endatil sitt eige trad-rack og har tenkt å herje dei sørlandske hammarane i åra framover.
Tick liste:
Horseman 5.5
Rhododendron 5.6
Nice crack climb 5.7
Katzenjammer 5.7
Laurel 5.7
Handy Andy 5.7R
Ken's Crack 5.7+
School of trad i The Gunks
- Date:
- 19.04.2014
- Characteristic:
- Climbing
Finvær, langhelg, nytt trad-rack = The Gunks!
Køyrde frå Boston til New Paltz laurdag. Fin liten universitetsby, "alternativ" for den som likar slikt (og det gjer jo ein!), besøkte den meget velutstyrte butikken Rock&Snow, og så drog vi rett til klippene The Traps på Shawangunks 10 min utanfor byen.
Deilig temperatur, avslappa stemning, mykje folk, flotte ruter. Vi er relativt nye i trad-kunsten, så vi holdt marginane gode (5.2/3), men det var for det meste gode sikringar, og også enkle ruter baud på veldig artig klatring.
Siste dagen slo vi til med litt buldring, men etter å ha karra meg opp ein V2 med nød og neppe konkluderte eg med at kroppen hadde fått nok av klatring.
Men NESTE gong ... !
Frankenstein
- Date:
- 23.02.2014
- Characteristic:
- Ice climbing
Led på linje i Lost in the Forest (3), og førstelengde av Standard Route (litt for seint på dag til å gjere heile, så stoppa i hula, 3). Fantastisk fin dag, og Frankenstein er virkelig fornøyelsespark for isklatring!
Norge har 1000 gonger fleire fjell enn New Hampshire. New Hampsire har tusen gonger fleire klatreruter enn Norge. Det er berre å gå på oppdagelsesferd i gamlelandet!
Auburn Ice Canyon
- Date:
- 17.02.2014
- Characteristic:
- Ice climbing
Feira presidents day med oppdagelsestur til nabolagscragget, berre 15min køyring frå jobben. Rota meg vekk i skogen før eg fann det, men då eg endelig fann det var alt gløymt. Fint lite crag med gode forhold og to taulag på plass. Hadde med nyinnkjøpt clogging-utstyr, men det slapp eg å bruke då det eine taulaget lot meg hoppe inn på topptauinga deira. Stas for isdesperate normenn i Boston.