Archive - Date
Favourite peaks
Nautgardstinden og Nubber
- Date:
- 23.07.2026
- Duration:
- 7:13h
- Distance:
- 24.7km
Starta på Storkroken parkering og følgde eigentleg Nautgardselve oppover heilt til valet landa på å sikte seg på Veslkjølen-ryggen for å plukke med seg Veslkjølen. Ryggen var gigantisk og med mykje ur, det var difor overraskande då vi plutseleg var på Veslkjølen, ikkje ein topp eg kjem til å hugse for noko spesielt. Vi ungjekk 1773-toppen etterpå for å halde avstand til villreinen som vi såg, og ikkje vill forstyrre.
Vidare var det meir ur opp til stupet ovanfor Nautgardsbreen, men traskinga mot Nautgardsoksle var meir spennande og med fin sikt. Drøy bakke opp til Nautgardstinden, med kjensle av fleire luretoppar. Deretter var det berre å sikte seg mot Nubbene. Om ein trudde det var mykje ur på starten av turen, nådde ura nye høgder her. Stornubben og alle dei små Nubbene >>>
Glittertinden, Steinbukampen og Ryggjehøe
- Date:
- 21.07.2026
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 5:09h
- Distance:
- 17.7km
Tolleknivsegga, Kallskaregga og Litlejordhornet
- Date:
- 19.07.2026
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 7:58h
- Distance:
- 25.8km
Lang dag i Herdalen saman med vannilsengiggs (Vegard O. Nilsen) .
Fin sti oppover til Nedre Vassdalsvatnet, deretter lettgått, men seigt oppover ryggen. Frå det stilige olivinområde ved vatnet sør for toppegga var det meir klassisk ur mot toppen. Sjølve Tolleknivsegga var fin å gå, og heilt uproblematisk også om ein er skeptisk på høgder.
Stein og ur over til Kallskaregga, deretter sti på ryggen og meir sporadisk ned til Kallskaret. Vidare gjekk vi i meir knotete terreng forbi Kallen og bratt opp mot ryggen før Hornet. Her såg det ekstra bratt ut frå avstand, men viste seg å vere fint å gå. Litlejordhornet kan oppsummerast med seig ur.
Nede i Kallskaret igjen var det god sti tilbake til bilen. Seig tur, men med god utsikt i alle retningar det meste av dagen!