Archivo - fecha
Archivo - actividad
-
Excurción de esquí (5)
- Esquí de montaña (1)
- Randonnée/Telemark (4)
-
Senderismo (11)
- Excurción alpino (5)
- Running (1)
- Senderismo (1)
- Senderismo de montaña (4)
Amigos de Peakbook
Stølstur til Nærøyfjorden
- Fecha:
- 30.04.2016
- Tipo de excursión:
- Esquí de montaña
Med ei laber vermelding for høgfjellet i Jotunheimen satsa me på stølstur til selet vårt på Kinnarbakken ved Nærøyfjorden, innlemma i UNESCO si verdsarvliste. Her har eg vore budeiejente heile oppveksten og det er den staden som ligg mitt hjarte nærast.
Det største problemet med lokasjonen er skredfaren. Det går årleg stor-skred mellom Brekkenipa og Larsfonnberget med utløpssone som går tvers over heile dalsøkket og Brekkeelva. Eg hadde begge ungane med; minstemann i pulk, Eva på 5 måtte sjølv gå på ski dei 7 km frå Stalheim.
Veret vart eventyrleg og føret hardt og godt. Store skavlar på vegen ut men hard og vindpakka snø var det berre å gje seg i veg.


