Tingvoll: Nipa og Vettafjellet, M&R nr 600! (31.07.2014)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Faksvågen (20m)
Endpoint Bøyfot (80m)
Characteristic Hillwalk
Duration 2h 39min
Distance 7.8km
Vertical meters 575m
Map
Ascents Nipa (359m) 31.07.2014
Vettafjellet (372m) 31.07.2014
Vettafjellet 372, Tingvoll kommune
Vettafjellet 372, Tingvoll kommune

Dette skulle være eit plankeprosjekt. Med kjentfolk og turkart utgitt av Tingvoll kommune finstudert la vi i vei. Var så sikre på alt at vi la igjen kart i bilen, kjempetabbe. Må seie at turkartet med unntak av det som blir forklart vidare her er veldig bra!

Parkerte i Faksvågen hos slekta til Linda. Mannen i huset var frå Sunnmøre og heite Maude til etternamn. Tankane gjekk til Maudekollen i Ørsta kommune, og heilt riktig: Han kunne fortelle at han var frå Øye. Ein steikje artige kar som hadde litt av kvart å fortelje. På mobilen brukte han å sjå Kjell «Kjellen» Bigset, Palle og Strila-Petter frå KLYPA når han trengde noko å muntre seg opp på.

Vi reiv oss laus frå praten og gjekk på merka vei mot Vettafjellet. I skaret er det raud pil til venstre, lett å følgje god sti til topps. Fleire turgåarar kom frå andre sida. Kjell Ove tok dette som ei treningsøkt og jogga til topps. Vi møtte han på retur og sa det var berre å trakke til opp på Nipa på andre sida av skaret. Tilbake i dette skaret starta vi å leite etter stien som var innteikna med tjukk raud strek på turkartet til Tingvoll kommune. Vi kan vel bortimot bekrefte at denne stien eksisterer ikkje. Saman med Linda (termin om få dagar) og Lise med Vinjar på magen baksa vi oss oppover lia. Ein tlf til Kjell Ove, han var alt på toppen, hadde heller ikkje funne sti. Vi kom oss opp og fann turkasse med bok. Godt besøkt så einplass måtte no folket kome ifrå. Ein veldig tydeleg sti runda rundt aust og vidare nordom toppen. Dette kunne stemme med turkartet. Vi bestemde oss for å prøve denne eit stykke. Fulgte raudmerking og stien forsvann for oss. Denne merkinga er det ikkje mange som har brukt. Krongla oss nedover og håpte den skulle runde sørover og tilbake i skaret. Det gjorde den ikkje. Innsåg til slutt at vi måtte berre følge denne merkinga uansett kvar den førte oss. Ny tlf til Kjell Ove, han var alt tilbake ved bilen, då kunne han iallefall hente oss. Kom til slutt ned til Bøyfot og søkte ly i eit busskur akkurat i det regnbyene kom. Etter eit kvarters tid kom han. Hadde heldigvist ikkje låst bobilen så han hadde plukka ut barnesetet til Vinjar.

Med på prosjektet Lise, Vinjar, Linda Bakken og Kjell Ove Skredlund

Lise og Linda signerer i boka på Vettafjellet 372
Lise og Linda signerer i boka på Vettafjellet 372
Endeleg framme ved vei
Endeleg framme ved vei
Meget lite brukt rute til Nipa. Merka med raudmåling, bruk augene godt oppover så går det!
Meget lite brukt rute til Nipa. Merka med raudmåling, bruk augene godt oppover så går det!
Tolmodig kar ventar på skyss på Bøifot.
Tolmodig kar ventar på skyss på Bøifot.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.