Suldal: Vinjar på Vinja(r)nuten (01.07.2014)
Written by boven (Ove Lotsberg)
Start point | Medhus, Suldalsosen (100m) |
---|---|
Endpoint | Medhus, Suldalsosen (100m) |
Characteristic | Hillwalk |
Duration | 4h 15min |
Distance | 11.7km |
Vertical meters | 1,100m |
Map |
Ascents | Vinjanuten (1,105m) | 01.07.2014 |
---|
Vi vakna på fergekaia på Nesvik av at ei gravemaskin holdt på 0,5 meter unna bobilen. Heilt greitt men ikkje den store kosen. Kjøyrde til Suldalsosen og innom Coop og snakka med 3 damer der. Alle hadde vore på Vinjanuten men dei hadde gått 3 ulike ruter. Løysinga var at ho eine kjøyrde foran oss til der vi skulle parkere. Til kyrkja, venstre rett etter gravlunden og vidare på grusveg til veis ende på Medhus. Herifrå var det veldig lett sa ho, vi takka og bukka og vinka farvel. Gjekk gjennom grind, frametter vegen, forbi Vinjar skule si trimkasse og så sti til venstre her. Veien held fram til høgre gjennom ei grind, ikkje gå der! Etter eit lite stykke skilting Prestesætra (som vistnok er det samme som Breidastølen). Ruta opp her var svært god sti og lett å finne fram. Merking vidare til Vinjanuten/Øvrestølen. Etterkvart over skoggrensa med god merking og varding heilt til topps. Dette var ei svært fin rute som vi kan anbefale dersom ein ikkje er redd for ca 12 km tur/retur.
Ein nydeleg dag på toppen. Vinjar fekk sleppe ut av bæreselen og mating/bleieskift/kleskift gjekk unna i ein fei. Geviret til Otto hang fint på varden. Vi skreiv oss inn i boka + lett reklame for Peakbook. Retur samme vei. Vidare mot Hustveitsåta neste dag.
User comments