Edlandsfjellet og Åslandsnuten (04.05.2014)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Bursfjellet (363m) 04.05.2014
Edlandsfjellet (381m) 04.05.2014
Høga Håland (227m) 04.05.2014
Vommå (229m) 04.05.2014
Åslandsnuten (302m) 04.05.2014

Edlandsfjellet og Bursfjellet

Sykla heimefrå til Neseskogen og gjekk opp til Edlandsfjellet og Bursfjellet. Det var heftig gras- og lyngbrann i dette området helga før, og store områder var nå svartsvidde.
Edlandsfjellet er eit populært turområde sør for Ålgård og det er ein liten parkeringsplass i Neseskogen på sørsida av Edlandsvatnet. Derfrå er det god sti til Edlandsfjellet som er med i "Vardejakten" i Gjesdal som drives av kommunen og orienteringsgruppa.

God veg frå Neseskogen til Stemmen.
God veg frå Neseskogen til Stemmen.
Stemmen.
Stemmen.
På Edlandsfjellet sett nordover med Ålgård bakanfor.
På Edlandsfjellet sett nordover med Ålgård bakanfor.
Austover mot Fitjanten og Madlandsheia i bakgrunnen.
Austover mot Fitjanten og Madlandsheia i bakgrunnen.
Søraustover mot snødekte Skykula i det fjerne.
Søraustover mot snødekte Skykula i det fjerne.
Sørover mot Urdalsnipa/ bjerkreimsendaren i bakgrunnen.
Sørover mot Urdalsnipa/ bjerkreimsendaren i bakgrunnen.
Vestover mot Bursfjellet og litt av Jæren i bakgrunnen.
Vestover mot Bursfjellet og litt av Jæren i bakgrunnen.
Nordvestover mot Åslandsnuten og Sandnes/ Stavanger i bakgrunnen.
Nordvestover mot Åslandsnuten og Sandnes/ Stavanger i bakgrunnen.
Stidele mellom Edlandsfjellet og Bursfjellet.
Stidele mellom Edlandsfjellet og Bursfjellet.
Lita tjørn mellom Edlandsfjellet og Bursfjellet.
Lita tjørn mellom Edlandsfjellet og Bursfjellet.
Brannskadde grantrær.
Brannskadde grantrær.
Bursfjellet.
Bursfjellet.

Høga Håland og Trodalen

Frå Neseskogen og sykla eg videre Fv 506 vestover og tok av til Høga Håland for å gå opp på et par mindre topper som eg ikkje har vore på før.

Sauer og lam på beite vest for Trodalen.
Sauer og lam på beite vest for Trodalen.
Liten varde vest for Trodalen.
Liten varde vest for Trodalen.
Neste topp ved garden Høga Håland.
Neste topp ved garden Høga Håland.
Overkjørt hoggorm på Fv 506.
Overkjørt hoggorm på Fv 506.

Åslandsnuten

Sykla via Åsland på veg heim og var oppom Åslandsnuten. Kort veg men ca 180 hm stigning opp frå toppen av Åslandsbakken. Ingen tilrettelagt parkeringsplass her, men det er plass til nokon få biler langs vegkanten. Det tok et drøyt kvarter å gå opp på grei sti. Vardebok har blitt utlagt sidan sist eg var på toppen. Gjekk ned igjen "tyskertrappene" som blei bygd under krigen.

På Åslandsnuten sett sørover.
På Åslandsnuten sett sørover.
Nord-nordvest mot nord-Jæren.
Nord-nordvest mot nord-Jæren.
Nord-nordaust med austenden av Bråsteinvatnet og Krossfjellet.
Nord-nordaust med austenden av Bråsteinvatnet og Krossfjellet.
Austover med utsikt over Figgjo.
Austover med utsikt over Figgjo.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.