Selje: Skjolden, pf 100 komplett (27.07.2013)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Barmsund ferjekai
Endpoint Barmsund ferjekai
Characteristic Kayaking
Duration 4h 10min
Distance 15.0km
Vertical meters 750m
Map
Ascents Branden (403m) 27.07.2013
Skjolden (545m) 27.07.2013
Storehaugen (180m) 27.07.2013
Lise signerer i boka på Skjolden
Lise signerer i boka på Skjolden

Etter padletur til Selja først på dag var det no siste topp i Selje kommune som stod for tur. Vi parkerte ved fergekaia og sjøsette kajakkane. Klart det hadde gått å vente på ferje men kjekkt å gjere noko meir utav slike prosjekt når ein først har kajakkar liggande. Padlinga over er ca 1,6 km. God matøkt i fjæresteinane før vi rusla av garde. Etter ei stund gjekk vi forbi 2 damer som vi høyrde snakka om oss..."der er dei som kom padlande ja" Vi slo av ein liten prat. Gjekk veien til høgste punktet før vi tok av på merka sti. Den var delvis utydeleg og vi mista den ei stund. Tok igjen ein anna kar som var i same ærend. Stille og flott på toppen. Eg ville ha med 2 50-metringar som ligg på øya i tillegg, og Lise vart med sjølv om ho ikkje er gira på desse. Gjekk nord og vestover mot Branden. Vidare sørover til utosen til Heidavatnet. Herifrå bratt ned bukkemark nord for Måseelva. Eg plukka den utruleg stusselege og intetsigende Storehaugen, Lise fortsatte mot bygda igjen. Eg møtte ho der, ho var komen i prat med ein kar og hadde fått fyllt flaska med godt vatn. Dårleg myrgult vatn i elvar og vatn der ute. Han karen hadde og full kontroll på oss, og kunne bekrefte at jungeltelegrafen gjekk raskt når det kom framandfolk til bygda. Vi takka for praten og vatnet og fekk båtane på fjorden igjen. Stille og fint på fjorden når vi padla tilbake. Nok ei kommune i boks. Enno står det igjen 5 50-metringar som ryke ein dag eg får ånden over meg.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.