Hamrane frå Forenesvatnet (02.05.2026)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Hamrane (576m) 02.05.2026

Flott utsiktstur frå hytta ved Forenesvatnet, etter at me hadde vore t/r Dalen og henta ungdomane og Pelle. Andre besøket mitt på toppen sidan 2018, og første gangen frå denne sida. Såg eit silandpar i vatnet og skremde opp ein orrfugl nedanfor toppen. Dessutan – ganske overraskande – flott observasjon av ein einsleg storlom i vatnet om morgonen.

Om kvelden blei det òg ein tur til eit høgdepunkt oppunder veggen på Krunefjell.

Maimorgon i paradiset
Maimorgon i paradiset
Liten båt er betre enn ingen båt!
Liten båt er betre enn ingen båt!
I fint driv oppover frå Grimsli
I fint driv oppover frå Grimsli
Urørd foreskog i lia oppover mot Hamrane
Urørd foreskog i lia oppover mot Hamrane
Eg vinn høgde og får utsikt mot Forenesvatnet og Vardhusheia
Eg vinn høgde og får utsikt mot Forenesvatnet og Vardhusheia
Straks på toppen av Hamrane med flott overblikk over Forenesvatnet med Krunefjell
Straks på toppen av Hamrane med flott overblikk over Forenesvatnet med Krunefjell
Knust knaus på toppen av Hamrane. Heiahodnet dannar bakgrunnen
Knust knaus på toppen av Hamrane. Heiahodnet dannar bakgrunnen
Ditto med Holmavatnet og Liaknuten
Ditto med Holmavatnet og Liaknuten
Frå Hamrane mot Holmavatnet. Liaknuten dominerer til venstre og Godlifjellet stikk seg fram lenger bak
Frå Hamrane mot Holmavatnet. Liaknuten dominerer til venstre og Godlifjellet stikk seg fram lenger bak
Knust knaus òg i skardet vest for toppen av Hamrane, utan tvil isen sitt verk
Knust knaus òg i skardet vest for toppen av Hamrane, utan tvil isen sitt verk
Tørrforer av beste merke
Tørrforer av beste merke
Idyll på returen
Idyll på returen
Forenesvatnet sett frå eit høgdepunkt oppunder veggen på Krunefjell
Forenesvatnet sett frå eit høgdepunkt oppunder veggen på Krunefjell
Frå same staden mot Tysdalsheia og Krunefjell
Frå same staden mot Tysdalsheia og Krunefjell

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.