Frå Forenesvatnet til Liarvatnet ad omvegar (15.03.2026)

Written by Kaare_70 GSM

Flott retur frå hytta ved Forenesvatnet søndag føremiddag, 3 ½ timar på tur med fleire interessante avstikkarar.

Først steingjekk eg Longavassåna slik eg hadde funne ut på fredag, og dermed sparte eg heldigvis omvegen om stemmen i Longavatnet. Vidare vart det ein første avstikkar til utløpsosen og så ein til tjødnane nedanfor Liarknuten, der det òg var flott utsikt over Grimsli.

Lengst søraust ved Forenesvatnet med Krunefjell i bakgrunnen
Lengst søraust ved Forenesvatnet med Krunefjell i bakgrunnen
Sundet der heile vassdraget renn gjennom, er for lengst åpent. Krunefjell dominerer heile bakgrunnen
Sundet der heile vassdraget renn gjennom, er for lengst åpent. Krunefjell dominerer heile bakgrunnen
Ved utløpet av Forenesvatnet mot Tysdalsheia og Reinaknuten
Ved utløpet av Forenesvatnet mot Tysdalsheia og Reinaknuten
Frå same staden mot vatnet og Vardhusheia
Frå same staden mot vatnet og Vardhusheia
Ved tjødnane nedanfor Liarknuten
Ved tjødnane nedanfor Liarknuten
Frå om lag same staden mot Grimsli
Frå om lag same staden mot Grimsli
Storfornøgd med turhelga! Solknuten dannar bakgrunnen
Storfornøgd med turhelga! Solknuten dannar bakgrunnen

Vel nede i Grimsli traff eg kjentfolk ved den fine gapahuken, så då blei det matpause og ein god drøs der før transportetappen tilbake til bilen. I Grimsli såg me ei grå- eller grønspette, ellers ikkje liv.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.