Tretoppstien (12.08.2025)
Written by FjellEggen (Jan Eggen)
| Visits of other PBEs | Tretoppstien (300m) | 12.08.2025 |
|---|
Besøkte denne perlen av et sted, som ligger på en halvøy rett ved Fyresdal sentrum :-)
Hamaren Aktivitetspark stod ferdig våren 2017, og den har blitt eit eldorado for alle aldersgrupper! Parken har turvegar som er universelt utforma og mange ulike aktivitetstilbod: Sykkelløype, tretopptrampoline, klatrepark, utekjøkken, gapahukar, bålplassar, badeplatting, grillhytte, natursti, klatreelement i stål og tre (Bjørnen og Reven), og ei spektakulær gangbru rundt Hamarens sørlegaste punkt.
For å auke verdiskapinga og få endå fleire tilreisande er aktivitetstilbodet nå utvida med ein spektakulær tretoppveg! Tretoppvegen er bygd i eit inkluderande design (for å møte behova til størst mogleg antal menneske). Tretoppvegen er ca. 1 km lang og 2 meter brei, og den er universelt utforma. På toppen endar vegen i ein utsiktssirkel på 45 meter i diameter - her kan du nyte utsikten over Fyresvatn frå 15 meter over bakken! Tretoppvegen fylgjer konturane i landskapet, og hentar høgde frå landskapet for å gjere stigninga mest mogleg universell. Tretoppvegen hadde offisiell opning 02.06.2023.

























User comments