Romjulstur til Tortnegrøegga & observasjonstur! (27.12.2025)
Written by Eikås (Janne Eikås)
| Start point | Befringsdalen (600m) |
|---|---|
| Characteristic | Randonnée/Telemark |
| Distance | 8.5km |
| Vertical meters | 747m |
Det var meldt sterk kuling og storm i kasta på Tortnegrøegga 1416 moh litt ut på dag.
Sjeldent ein kan køyre heilt opp på parkeringsplassen på denne tid av året. Så det var berre å nytte høvet, for neste dag skulle det bli nedbør i form av snø.
Brit Siv var gira på å få til ein snø observasjon oppe ved Tortnegrøegga. Eg hadde vore oppe i området dagen i forkant opp mot Strupen og visste at det var eit heller tynt lag med snø.
Men, vi tok med skia og trakka oss opp på ca 800 hm. Det var akkurat over skog grensa og vi kunne labbe av gårde på ski og her merka vi også etter kvart den kraftige vinden som var meldt.
Det føyka hærleg fint oppover og ein kjenner berre lykke når ein kjenner vinden røske tak i ein.
Fantastisk å sjå kor raskt vinden transporterer snøen og det piska hardt i ansiktet.
Brit Siv valgte å ta ein snøprofil tett under toppen og det er alltid interessangt å studere snølaga.
Vi bikka over kanten i sadelen opp mot Tortnegrøegga og valgte å snu der på grunn av vindstyrken og til tider dårleg sikt.
Sjølv om eg trur at vi hadde komt oss til topps dei siste høgde meterane.
Men, kva så! Vi var to på tur og då vart valget å starte ned rennet med eit lite ver vindu og sikt over skavl kanten.
På ned rennet fant vi nokre fine lommer med snø :)


















User comments