Parkerte på badeparkering ved Vaula. Hadde med sykkel opp til garden Askje og gjekk over beite til Askjevarden. Ned same veg og sykla vidare vestover til Haugvaldstad og gjekk på grusveg og sti opp til Mastravarden. Vidare vestover med ein rundtur over Fjøløy som har litt historiske kulturminner. Så til Utstein Kloster, og der stod det skilter om adgang forbudt, og forbud mot å gå over beite. Lenge sidan eg hadde lest turrapport, så eg hadde gløymt at ein må kontakte Klostergarden for å gå tur på Klosterøy. Eg fant ei rute på austsida av øya der eg ikkje såg skilt, og fekk tatt dei fire toppane på Klosterøy i blåtimen etter solnedgang. Det var kun sauer på nokon av beitene, og dei lot seg heldigvis ikkje forstyrre nevneverdig av meg. Sykla så tilbake til Vaula.
User comments