Romjulstur Rust (29.12.2025)
Written by bakken59
| Ascents | Rustfjellet (1,166m) | 29.12.2025 |
|---|
Rart julevær utan skiføre, knallhard skare og mykje avblåst bart terreng. Inger og eg tok difor på oss piggsko og gjekk ein sjeldan romjulstur på føtene til Rust. Stort sett bar skaren, men innimellom tråkka vi gjennom. Piggsko var heilt rett fottøy, men burde tatt på oss gamasjer! Vi gjekk opp på 1 time og 10 minutt, brukte like lang tid ned. Fantastisk flott sol, men sterk vind på toppen. 5,2 km, 515 hm, 3,5 time borte. Inger var med.








User comments