Signalhaugen (08.02.2025)

Written by ArilT (Aril Torheim) GSM

Characteristic Hike
Duration 0h 28min
Distance 1.9km
Vertical meters 86m
GPS
Ascents Signalhaugen (75m) 08.02.2025 09:51

Signalhaugen

Rogalandsekspedisjon
Signalhaugen
Eime
Kjerrberget
Tinghaug
Brusaknuden


Helga var satt av til bestigning av kommunetoppar rundt Stavanger. Her er det tett mellom toppane, og mange av dei er raske å bestige.

Etter tidlig avreise fra Bergen ankom vi Randaberg på formiddagen. Randaberg sin kommunetopp Signalhaugen ligg på ei høgde med landbruksområde på alle kantar. Eg hadde lest tidlegare turrapportar om folk som hadde besteget toppen frå vest sida der dei måtte spasere gjennom tunet til ein hissig bonde. Sidan vi er ganske folkesky valgte vi å bestige Signalhaugen frå nord då dette verkar for å vere ei meir diskre rute. Vi parkerte ved nokre arbeidsbrakker til Statens Vegvesen langs vegen mot fergekaia i Mekjarvik og traska mot toppen herifrå.



Vi gjekk først opp ein asfaltert bakke mot eit drivhus. Ved drivhuset tok vi av på ein traktorveg som vidare førte oss til ein lokal tursti.



Vi fulgte turstien til vi var omtrent rett nord for Signalhaugen. Frå her gjekk vi rett opp ein bratt bakke og hoppa over nokre gjerder før vi stod på toppen.



På toppunktet sto det nokre jern opp frå fjellet, men ellers var det ikkje noken tegn på at dette var høgste punktet i ei kommune.



Seinare på dagen kom vi på at vi hadde gløymd å sjekke inn i "Fjelltoppjakten" appen når vi hadde vert på toppunktet. Det vart derfor ein rask tur til opp på Signalhaugen etter at vi kom tilbake ifrå bestigning av Eime i Kvitsøy kommune.



Start date 08.02.2025 09:51
(UTC+01:00)
End date 08.02.2025 10:20
(UTC+01:00)
Total Time 0h 28min
Moving Time 0h 27min
Stopped Time 0h 1min
Overall Average 3.9km/h
Moving Average 4.1km/h
Distance 1.9km
Vertical meters 86m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.