Riingstind (15.05.2024)  3

Written by Olavtorgersen (Olav Torgersen)

Start point Ringsdalen (1,000m)
Endpoint Ringsdalen (1,000m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 5h 28min
Distance 17.4km
Vertical meters 1,133m
Map
Ascents Store Ringstinden (2,124m) 15.05.2024

Ein varm dag med noko bering av ski i starten, men greitt føre inn Ringsdalen. Fast og fint opp til breen, og føreskifte då eg møtte sola att mellom Midtre og Store. Under Midtre (like nord) gjekk eg over eit skred. Eg skulle eigentleg innom Midtre, men sleit slik med gnagsår som berre hadde forverra seg frå gårsdagen, so det held med Store.
Eg vart passert av ein annan telemarkskøyrar opp bakken til Store. Opp det sokalla toppstøytet til Store Ringstind var det veldig laus og roten snø.
Framifrå nedkøyring kor eg fekk øvd på telemarksnedslaga.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.